Follabloggen

Velkommen til min blogg

Engel på veg

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 7. desember , 2020

7. des.

I adventstida er vi på veg til ei høgtid, noko høgtidleg om du vil, noko anna enn det kvardagslege. Englane vil vere med slik som dei var med på markane utanfor Betlehem ein gong.

I vår heim er dei hjarteleg velkomne, og difor har vi ein engel på døra. I dag fekk han plassen sin på glasdøra. Her i huset er det berre ei glasdør. No kan eg ikkje hindre at ein og annan nisse også dukkar opp i dekorasjonane. Det er noko som heiter ubodne gjester, men sidan nissane er reine fantasiprodukt må dei gjerne syne seg fram sjølv om vi ikkje serverer dei graut.

 

Eg veit at det er mange barn som skriv brev til julenissen, men det er ingen som skriv til englane.

Denne dagen gjekk fort. Alle dagar går fort no for det er lyst berre seks timar. Halve dagen gjekk med til å fjerne sot i ovnen på stova. Det var på tide med ein aksjon, eg merkar ingen ting, men det er godt å vite at der er reint!

Kvar dag får vi oppdatering om koronasituasjonen her i landet. I dag fekk vi dystre tal frå grannane i sør. Eg har fått med meg to intervju med danskar på TV. Teksting er visst ikkje naudsynt for alle mordmenn forstår dansk.

Status

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 6. desember , 2020

6.des. 2. søndag i advent

I dag er det «Forventningens adventsøndag». Sidan eg er nynorskbrukar er eg ikkje heilt nøgd med formuleringa, men eg forstår kva ordet forventning inneber, det er eit sterkt ynskje, ei von, om ei god framtid, mykje betre enn slik det er, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Ynskjemålet gjeld alle livsområde.

Profeten Jesaja skriv:»Sjå eg skaper ein ny himmel og ei ny jord. Ingen skal minnast dei første ting, ingen skal tenkja på dei. Gled og fryd dykk til evig tid over det som eg skaper! For sjå, eg skaper Jerusalem om til fryd og folket der til glede.» Slik står det å lese i Jesajaboka, kap. 65, v. 17-18.

I dag tok vi turen til Hornindal kyrkje der vi fekk ein god og grundig gjennomgang av profetiar og dagens evangelietekst med overskrifta:» Når Menneskesonen kjem». Han som kom ein dag for to tusen år sidan skal kome att brått, heilt uventa. Forkynnaren la vekt på at dette ikkje skal fylle oss med redsle. Tvert imot!

I dag er det også Nilsmesse, til minne om St. Nikolaus som gav borna gåver. Dagens julenisse er nok ikkje synonym med denne historiske personen, biskop i Myra Lilleasia på 400 talet.

Som kjent er det ingen fullgod dag utan litt fysisk trening, og det gjeld både helg og yrke. Det var heilt naturleg at vi la det som vart dagens labbing til Hornindal, rundtur gjennom nærliggande grender ved Grodås. Opphaldet i bygda vart avslutta med kvar sin burger på restauranten Milano pizza og grill.

 

Kostmusa

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 5. desember , 2020

5. des.

Kostmusa er komen ned frå loftet. Det er eitt av teikna på at det er jul i kjømda. Ho har stilt seg opp i gangen ved glasdøra. Kostmusa har nokre viktige oppgåver. Er det nokon som har gløymt å ta av seg skorne, eller har slengt frå seg kleda på golvet før dei går inn? Dette gjeld særleg born. Dei har det ofte travelt med å kome inn når dei har vore ute og leika.

Kostmusa er ikkje i slekt med dei mysene som har lurt seg opp på loftet. Ho er av eit anna slag, ho er rett og slett heimelaga, ja nett som sirupsnippar og smultringar. Ho er laga for å vere ein trivselsperson. Sidan ho både er kost og mus, er ho også oppteken av reinhaldet i heimen. Når ingen ser det kan ho finne på å koste saman rusk og rask. Møter du på ein ruskedunge inne i jula, så er det kostmusa som har vore på ferde.

 

Hugs småfuglane!

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 4. desember , 2020

4.des.

Det er kanskje ikkje naudsynt å mate fuglane når det er så mildt i veret, men det er noko med vane og rutine. Skal eg gje småpipane føde berre når det er minusgrader og snøv? Det er ikkje måte på kor dei et og kor dei flyg hit og dit. Vare er dei også sjølv om dei ser meg kvar dag. Denne hausten har det vore litt få sortar på brettet. Granmeis, lauvmeis, kjøtmeis og spettmeis. Ei og anna nøtteskrike har vore der, men dei er litt skremmande på dette brettet. Vi har foringsplassen i god avstand frå huset for å sleppe alt rusket som vert under forbrettet. Der vil det også kome mus som gjerne vil forsyne seg.

På foringsplassen er det alltid harmonisk og fredeleg. Eg ser aldri at fuglane slæst om plassen, alt går føre seg utan konflikter. Det er god mentalhygiene å sitje med kikkerten på god avstand og overvake fuglelivet. Kanskje eg skal setje opp eit viltkamera og sitje inne i stova og sjå på livet i hagen.

I dag har det ikkje vorte gjort juleførebuing bortsett frå at eg henta ned ein rekvisitt som brukar stå i gangen. Kanskje han eller ho dukkar opp ein av første dagane.

 

Freistnad på ein bokomtale

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 3. desember , 2020

3. des.

Freistnad, eller forsøk verkar mindre pretensiøst enn berre bokmelding. Eg har no lese «Min kinesiske farmor» som har undertittelen «Et portrett». Forfattaren Lars Saabye Christensen har eg ikkje lese noko av før. For mange er han kjend for boka om Beatles som kom ut for over 30 år sidan.

Det er ingen spenningsroman og heller ikkje ein roman. I staden er det helst ein biografi  om forfattaren, foreldra hans og besteforeldra. Boka skal vere portrett av farmora som ikkje er kinesisk sjølv om ho har budd ei tid i Hong Kong.

Handlinga føregår over få dagar og faren til LSC er dødssjuk og forfattaren sit mykje med faren som snart fyller 90 år, og planen er at dette skal feirast snart.

Det er meir enn tydeleg framstilt at det er mennene i familien som har gjort noko i livet. Hulda, farmora, er norsk medan faren til Lars er dansk. Farmora har ei høg sjerne i Lars sitt liv, men han slit med å  presentere opplysningar om henne. Han veit for lite om henne og skulle gjerne vite meir. Heller ikkje faren gjev han opplysningar. Her finst skriftlege kjelder, på dansk, om fedrene. Alle sitata handlar om liva deira og kvinnene er stort sett fråverande.

Forfattaren reflekterer mykje over eige liv. Lars Saabye Christensen er ein framifrå stilist og det vrimlar med finurlege formuleringar. Boka er på 169 sider, men ho er ikkje snarlesen og bør nok heller ikkje vere det for her er ymse å tenkje over.

Eg kjem nok ikkje til å lese fleire bøker før jul. No gled eg meg til å få ei eller fleire i julegåve.

Slik utanfor tema må det i dag nemnast at mora mi vart fødd 3. des. 1909. Det er også fødselsdagen til Philip, 2 år. For dei uinnvigde, mitt/ vårt yngste barnebarn.

 

 

Levande lys

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 2. desember , 2020

2. des.

Levande lys er lys som treng oksygen. Det er det næraste eg kjem ein definisjon. Elektriske lys kan ikkje kallast døde lys for dei lyser opp og jagar vekk mørkret.

Vi har nok alle assosiasjonar til bruken av levande lys. Eg tenkjer på at første gongen eg var på juletrefest på skulehuset, var det levande lys på treet. Desse lysa fekk ikkje brenne særleg lenge og ein måtte passe godt på. Heime hadde vi også haldarar som ein kunne feste til greiner på juletreet og bruke levande lys. Eg har ikkje noko minne om bruken av levande lys i heimen, men haldarane fanst lenge etter at vi fekk elektriske lys.

Det er triveleg med levande lys på bordet eller annan stad i rommet, men det er alltid noko ein må ha i tankane. Ein god regel er at den som tenner eit lys også har ansvaret for å sløkkje det. Vi som er oppi åra må vere særleg varsame og difor er det fleire no som heller brukar kubbelys som er elektriske, også med såkalla levande flamme.

No kunne eg gått innpå kva levande lys er laga av, men nemner her berre nokre omgrep som eg kjem på: kjertelys, talglys, stearinlys, parafinlys. Felles for alle er det som brenn og gjev lys; veiken midt i lyset.

Lys er gjerne nytta symbolsk, særleg i kyrkja. Lysgloben har vorte vanleg i kyrkjerommet. Dit kan ein gå og tenne lys for noko eller nokon ein tenkjer på. I seg sjølv kan det vere ei ordlaus bøn.

Ei anna symbolsk handling med lys, er fakkeltog. Eit fakkeltog er ei sterk symbolhandling, ein demonstrasjon, protestaksjon eller ei solidaritetshandling.

 

 

 

 

Adventskalender

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - tirsdag 1. desember , 2020

  1. desember  : Adventskalenderen er på plass. Denne kalenderen har eit opphav som vi kan lese om på baksida: » ADVENT 1984   Endelig har vi teke oss tid til å lage ein adventskalender. Mor og Idunn har styrt med dette. Vi har hatt ein underleg førjulsvinter med varmegrader og opphaldsver. til no 6. des. har det ikkje lege snø på markane. Siri går 1. året på gymnas i Volda. Idunn er 6. klassing og Birgit i 4. Håvard og Solgunn to dagar i barnehagen.»  Ein vil sjå at det ikkje er mykje plass til dagleg gåve i kalenderen. Det kunne vere ein sjokoladebit, ein tyggis eller noko anna smått. Den tida borna våre vaks opp var det ikkje så viktig å markere kvar dag i advent med ei skikkeleg overrasking. Det var likevel litt ekstra kvar dag med opning av kalenderen. Som du ser er det ei fyrstikkøskje. Kalenderen har vore lagra på loftet og der har ikkje vore trygt for smågnagarar. Dei  likar også det som er søtt og vi ser tydeleg spor på det som er luke 8. Etter at borna reiste ut i verda og vi vart att å leine har vi ikkje brukt kalenderen. Han har likevel fått henge på veggen som ei påminning og ein fin dekorasjon i adventstida. Kona mi er oppfinnsam og flink i forming. Kva eg gjorde i 1984. Eg arbeidde i skulen og hadde også begynt i politikken. 

 

 

Lys og mørke

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - mandag 30. november , 2020

30. november

Lys og mørker er sentrale motiv i adventstida. Juletreet er eit relativt seint element i julefeiringa og juletre med lys ute er eit moderne fenomen som er mogleg med elektrisiteten. Her på Sunndalsfolla har vi hatt lys i eit grantre nokre år. Det treet du ser her er henta frå skogen og er ferdig med si gjerning når denne jula er over. Legg merke til at det ikkje er snø på bakken. Når det er snø, vert det ei heilt anna oppleving med juletre ute med lys. No er det vel dei som tenkjer at vi er for tidleg ute med juletre og julelys alt no. Då er det gjerne på sin plass å avslutte med eit vers av ein julesong:

«Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld,

og tusene barnehender mot himmelen ljosa held.»

Denne kjende og kjære julesongen vart skriven ein varm sommardag.

 

Advent

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 29. november , 2020

29. november

I dag er det 1. søndag i advent, Adventus Domini- Herrens kome. Dagen vert feira med lystenning. Vi tenner det første lyset i adventstaken og syng ein adventsalme.

Sjølv om det er koronatid så var det lysmesse i kyrkja her på Fyrde. Det vart ein litt underleg start. Vi kom til kyrkja 5 minutt før kl  16.00 og då var det full piping. Det vart jobba i over 15 minutt før ein greidde å få stansa alarmen og gudstenesta kunne begynne. Dagens prest var vikar, og situasjonen var litt utfordrande for han hadde ikkje fått gått gjennom prosedyrer med dagens medhjelparar, skriftlesarar og lystennar som var ein ung gut. Rolf prest er ein garva Herrens tenar så han fendra alle utfordringar  godt og heldt ei fin preike om den sentrale bodskapen om lyset som skin inn i vårt mørke, lyset som gjev von i ei mørk verd, alt ut frå profetiar og realiteten i Herrens kome.

Etter gudstenesta var det brått mange fleire samla på parkeringsplassen utanfor kyrkja. Dei skulle vere med når julegrana skulle tennast. Hornmusikken spela til nokre kjende julesongar, men det var ikkje mange som song. No var det også kome lys i Betlehemsstjerna på Åsekamben.

 

 

 

Kjøpe, kjøpe

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 29. november , 2020

28. november

Neste veke må vi postlegge juleposten, det vil seie pakkane. Julekorta kan ein vente litt lenger med. I år er det ein enorm auke  med pakkar. Mange tingar varer  på nettet for å unngå å gå på butikkane. Så skal pakkar sendast til familiemedlemer som ikkje kan kome til jul.

I dag måtte vi berre legge i veg og kjøpe julegåver. Det er alltid ein fordel å ha ønskelister og elles ha tenkt igjennom alternativ. Mange var ute i same erend som  oss, og det var ikkje slik som før at vi fekk pakka inn, nei det måtte vi gjere sjølve ved eit bord der det var både papir og snor. Slik har det vore lenge i storbyen og slik har det vorte i Ørsta og Volda og. Det er heilt forståeleg at ekspeditørar ikkje kan drive med slikt i sjulestria.

Vi tok alt arbeidet med innpakkinga då vi kom heim. Så blir det ny tur på måndag for å sende. Julegåver er ekstra viktige denne tida. Vi har sjølvsagt kontakt på telefon, men gåvene som alltid er eit uttrykk for nærleik og kjærleik, vert som ekstra gode klemmar. Det rare er at eg ikkje tenkjer at noko av det vi sender ikkje vert sett pris på.

I denne tida er det også naturleg å sende noko frå bankkontoen til dei ein elles har prioritert gjennom året. Når vi handlar julegåver så er vi gjerne rause med gåver til dei næraste. Ingen av våre er i naud, men det er menneske ute i verda som treng ei ekstra handsrekning.

De er så godt som 1. søndag i advent og julestjernene lyser.

 

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.