Follabloggen

Velkommen til min blogg

Når nettene blir lange

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 27. november , 2020

27. november

Det er rart at ikkje nokon har protestert mot muse- og rotteromantikken vi vert presentert for i Musevisa. Musa er uønska innandørs. Visst veit eg at nokon har mus og rotter som kjæledyr, og det må dei få lov til å ha.

Mus, rotter og anna avåt prøver vi alt vi kan å halde vekk frå dørstokkar og vegger. Får dei sjansen så finn dei vegen inn i veggene frå kjellar til loft. Vi har hatt kampen mot utyet denne hausten også. No ser det ut til at vi har funne alle smutthol, men sikker kan ein ikkje vere.

Eg er veldig glad i småfuglar, men eg veit at mange stader kan ikkje folk  mate småfuglane på grunn av desse utekke krypa. I dag fann eg ei mus i botnen av den boksa eg har solsikkefrøa. For å unngå eit lite drama, sleppte eg musa fri. Deretter vart lageret sikra.

Vi er framleis i pandemien og vi er redde for å bli smitta av coronaviruset. Men det finst andre farar. Musepest er noko vi skal vere merksame på, og difor skal vi ikkje koste der musa har vore, men berre turke vekk med ein klut der vi har mistanke om at musa har lagt igjen noko. Så kom meldinga i dag om at det er registrert fugleinfluensa i Rogaland. Vonar ikkje styggedomen spreier seg.

I dag har eg sett opp eit utejuletre som i kveld lyser opp ute.

Julekaker

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 26. november , 2020

26. september

I dag lurer eg på kva det er som kvalifiserer ei kake til å vere julekake. Slik eg ser det, er julekake jamgodt med det ein kan kalle småkake eller små kaker som smakar søtt. Eg trur julekakene var viktigare før i tida for å seie det litt romsleg. I dag er det så mykje godt å få kjøpt, også julekaker. Apropos butikkjulekaker. Dei freistar meg ikkje, bortsett frå smultringane. Stygt sagt så er det same smaken på alt. Difor må julekakene lagast i heimen, etter god oppskrift.

No meiner eg ikkje at det er berre dei kakene eg og kona har laga som fell i smak. Det finst utruleg mange flinke kakebakarar, men det er noko eige med det ein har vore med på å lage sjølv. Det er berre til jul vi lagar småkakar, og difor er julekaker eit naturleg namn.  Så er det nokre sortar som vi prioriterer. Utan desse kakene vert det ikkje jul sjølv om ein et lite av dei i jula, for då er det så mykje anna godt. Det er viktig å smake på julekakene før jul og ha så pass stort lager at ein har til kaffien på nyåret og litt utover. I jula vert desse kakene ofte kalla «inn- ut – kaker». Det går lite, dei er  dryge.

Like viktig som småkaker er julebrødet. Det er kvitt brød med rosiner og gjerne sukat. Sukat er forresten ikkje så populært hos alle. No sel dei julebrød hos den lokale bakaren. Eg skulle ha tak i eit brød no måndag, men då var dei lens. Eg gav uttrykk for skuffelse og fekk tilbod om rosinbollar. Nei, takk det vert noko anna.

Tilbake til småkakene. I dag har vi laga sirupsnippar, havrekjeks og kransekakepinnar. Havrekjeks er ikkje eigentleg julekake, men vi må ha det til jul. Dei er heller ikkje så søte, og det er det nok fleire som synest er bra.

Så kan det vere spørsmål om fleire sortar. Då er det ein sort eg har ansvaret for og det er krumkakene. Det må ein ha, men det går det lite av.

 

Inkje nytt er godt nytt

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 25. november , 2020

25. november

Det er somme ordtak eller utsegner som i grunnen verkar meiningslause.  Slik som overskrifta i dag.  Eg har likevel tenkt litt meir over saka og funne ut at orda ikkje er så bort i veggen. Det kom føre meg  ein boktittel: «Intet nytt fra Vestfronten». Den som har lese denne boka, får sanneleg med seg fælslege skildringar frå 1. verdskrigen.  Ei melding om inkje nytt, må her vere godt nytt.

Så kan kvar med seg tenkje på situasjonar i eige liv der ein fryktar ei vond melding. Så kom ikkje det ein ottast.

Eg har ikkje gjort så mykje gagns arbeid i dag. Forresten har eg gjort noko som vil glede ein gubbe nede på Sørlandet. Eg pakka den motorsaga som nektar å starte og sende henne i posten. Han har bedd meg om å sende saga for han har stor glede i å reparere maskiner som ingen synest det er mun i å bruke pengar på. Han får nok saga i gang og sel henne med forteneste.

Det er ikkje kvar gong alt i teksta har noko med overskrifta å gjere.  Von dess!

«What did you learn at school today..»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 24. november , 2020

24. november 

Kvar dag kan ha si meining, sjølv om det ikkje har hendt så mykje.  Det kunne vere eit nyttig spørsmål å stille: Kva lærte eg denne dagen ?

Jau, eg lærte noko som eg eg skulle ha lært då eg/vi for første gong fyrte i omnen  i stova.  Elementært: Lese bruksrettleiinga! Det har gått bra, men det kunne ha gått endå betre viss ein hadde sett seg betre inn i prosedyren ved opptenning og vedlikehald av varmen. Ein gammaldags vedomn er ikkje det same som ein moderne reintbrennande omn.

Det heile begynte med noko anna prosaisk vekomande bruksrettleinga til  ei anna innretning vi har i huset. Vi har nemleg samla alle bruksrettleiingane i ein perm. Eg har aldri vore flink til å studere bruksrettleiingar sjølv om eg samlar på dei. No har eg lært at slike rettleingar kan vere nyttige.

No er det forresten ikkje meir plass til ved inne i vedahuset etter at eg køyrde og henta resten av eit lad som stod ute.

Første julekakene er «i boks», dei obligatoriske silkekakene som meir treffande heiter sjakkruter. Elles vart det ein tur i kveldinga med hovudlykt. Skifta forresten batteri på fleire hovudlykter.

I dag har eg ikkje tenkt så mange djupe tankar. Har kanskje heft meg mest  med meir prosaiske kvardagsting.

Den store stjerna av papir som skal henge i stova, er på plass, men ho skal lyse først komande søndag.

 

 

 

 

 

Tida går sjølvom klokka stansar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 23. november , 2020

23. november

Sidan det første gry har tida gått. Tida er eigentleg noko mystisk, noko som er vanskeleg å forklare. Vi er fødde inn i tida og det er ingen som greier å stanse aldringa. Tida er ikkje statisk, ho renn som ei elv. Morgon vert til dag og dag vert til natt, ein syklus. Tida glir umerkande frå vi vert fødde til vi døyr. I gamle dagar hadde dei ikkje klokke. Dei første ura var store og mekaniske, drivne av lodd eller fjører. Om dagen, når det var sol å sjå, såg ein på sola for å finne ut kor langt det leid. Viss oldeforeldra mine hadde klokke, så var det eit lommeur. Eg trur det låg tungt i lomma.

Eg fekk den første klokka då eg var femten. Relativt seint, vil du nok seie. Denne klokka hadde eg i 50 år. Ho måtte trekkjast opp, men det var ikkje noko problem. På ein ferietur til Gran Canaria kjøpte eg meg ei ny for 50 dollar. Trur det var omlag det same som eg gav for den første. No driv dette uret og stoppar endå eg nett har fått skift batteri. Eg har eit søskenbarn som er veldig flink med klokker. Han har mange hjelpemiddel til rådvelde. Så då får vi sjå.

Det er ikkje rart viss du synest at eg må vere ein gjerrig fyr som ikkje held seg med eit tidsrett tidsmåleinstrument. No har eg mobil, så eg er ikkje hjelpelaus. Men det er noko tungvint å ha mobilen i lomma heile tida og elles spørje andre kor langt det lid.

I dag har eg ikkje drive med juleførebuing. Dagen vart brukt i hovudstaden i kommunen. Først kontroll av tanngarden hos den eminente fast-tannlegen min. Det var kjøp av bursdagsgåver til to barneborn og sending av pakke til dei før omtala. Så gjesta eg hobbyurmakaren. Endeleg har eg fått skikkeleg kontakt med dette søskenbarnet.

 

 

Mørkt og kaldt og lite sol..

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 22. november , 2020

22. november

Berre regn og 3+. Vert ikkje lyst» høgst å dag» . Nei, nei, men ekteparet har allereie vore på ei utflukt til Bjørke, to mil unna med bil. Familiegudsteneste, ein fin gjeng hadde møtte fram. Fireårsbok til ei jente og presentasjon av to konfirmantar. Det hender då noko i ei bygd som vert truga med avfolking. Presten fekk sagt mykje i si korte preike om Jesus som sov i båten og vart vekt av redde læresveinar.

Etterpå tok vi på regnklede, og trass i kaldt spillevatn var vi tett og godt vødde. Gjekk så ei runde rundt bygda. Vi råka ein person som ikkje var så godt kledd som vi. Det viste seg at han ikkje snakka norsk, men kunne engelsk. Det var nok den same vi hadde sett ved eit hus som er under oppføring på Åkre, ei funkishus. Å nei, han var nok ikkje engelsk, kanskje polakk eller frå Baltikum. Sjølv hadde han losji på det som ein gong var skulen i bygda.

Eg kjenner på vemod når eg fer forbi det som ein gong var Andersgarden. Mora mi kom der i frå – og halve meg. Ein må berre riste det av seg.

Kva gjer ein så resten av dagen? Kanskje leite fram noko tradisjonelt som har med denne førjulstida å gjere. Såg på vår ferd i dag at det var leita fram både adventstjerner  og sjuarma lysestakar. Eg hengjer stjernene opp men tenner ikkje før neste søndag.

 

Mykje ver- vått både ute og inne

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 21. november , 2020

21. november

Det kan vere plass til mykje ver i løpet av ei veke. Sist onsdag kom snøen og på få timar datt det ned så mykje at eg måtte ta ut fresaren. Eg brukar gjerne vente til neste dag når det set inn med snøving om kvelden, men eg skjøna fort at det ville bli vanskar med å kome seg på vegen om eg venta for lenge. Då snøplogen for forbi skjøna eg at det var alvor.  Etter to dagar sette det inn med regn og vind så då er det vel denne snøen snart eit minne.

Ferdig med bakteppet. I dag har det vore vasking av kjøkenet. Det er forresten tredje dag med reingjering av romet der vi kokar mat. Sidan eg er den lengste i husstanden,  måtte eg ta taket. Dei som kjenner meg, veit det er mykje anna eg likar betre enn vasking. Eg må innrøme slik i ettertid at arbeidet var heilt naudsynt. I kveld er eg glad at det er sundag i morgon. Då brukar vi aldri å vaske. Unnataket er skitnesøndag – siste sundagen før jul. Det er mangt som må vaskast, ikkje berre «kjøkjet». Så kva vert det neste.

Det vart plass til ei  tur på «buda»- ein heilt turvande tur sidan det mangla basisvarer. Til ein skikkeleg sundagsmiddag må ein ha poteter. La merke til at dei hadde pynta fint med lys i sentrum og juletre på kvar side av inngangsdøra. Julestemning allereie!

Det lir mot jul!

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 21. november , 2020

 

20. november

Det er mykje som tyder på at det snart er jul. Om ei veke går vi inn i adventa og folk har allereie byrja pynte med  lys.  Ekstra rart å gå mot denne store høgtida igjen. I år veit vi ikkje korleis jula blir. Det er så mange usikre faktorar. men trass i det går vi dagane i møte med tradisjonell førebuing.

Det er ikkje rart at vi får trong til meir lys. Allereie i tretida sig det på og klokka fem er det ganske mørkt. Så er det denne uvissa. Får vi julegjester i år. Det minner meg litt om barndommen. Då var det fleire år vi såg fram til jul  for då fekk vi besøk av ei tante som alltid hadde med seg gåver. Det vart liksom ikkje jul utan tanta.

Så var det mange julekveldar då vi feira i lag med eigne barn. Åra gjekk altfor fort og snart var det berre kona og eg her på buplassen. Då fekk vi gjerne ta i mot borna våre som julegjester og dei fekk etter kvart eigne born som fylte huset med liv og leik. Nokre få julehøgtider har vi feira hos barn og barneborn.

I 2020 kan vi oppleve at vi ikkje kan reise og feire høgtida i lag med etterkomarar fordi det vert for mange folk samla. Spenninga no er om vi får ta i mot nokon i eigen heim. Men det er mykje som er annleis no og framover. Inga julegudsteneste og festar i jula. Ingen tradisjonelle julekonsertar. Det vart slutt  på øvinga i blandakoret eg er med i, pause til det vert mindre smittefare.

Vi bur oss på at det vert jul i coronatida også!

 

Smak av vinter

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 19. oktober , 2020

 

Oktober kan vere lunefull. Etter mange dagar med finever, kan det brått bli regn og snø. Sist søndag var det slik. Kona ville på setra og vi la i veg med litt småregn i lufta. Vi nærma oss setra og regnet vart sludd. Men vi skulle lenger denne dagen, opp til setrevatnet som ligg omlag 400 m.o.h. Her vart det snø i råsa, men nokon hadde gått før oss nokon med store sko, og vi visste kven det måtte vere. Ein fjellvand granne som har gått stigane her i alle årstider. No var han i naustet for å sikre båten til vinteren. Det er kvar vår spennande om naustet framleis står. Kvar vinter går det mektige fonner her under Sunndalsnipa, men så langt har naustet fått stå. Det vert pakka inn i snø og verkar så langt å ligge trygt i den vesle vika.

 

Det er første gongen eg har gått i snø til naustet. Det vart heller ikkje nokon lang stogg for dagen er kort no. Vi la på heimveg og grannen først. Vi hadde vel gått hundre meter då eg merka at mobilen var borte. Eg hadde nok ikkje lagt han trygt i rette lomma på innsida av regnjakka. Eg fann lukkelegvis telefonen i råsa då eg nærma meg naustet. Godt at det ikkje var tjukk snøkave. Resten av vegen gjekk det greitt.

(mer…)

Hausting

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 13. oktober , 2020

Hausten er tid for å hente inn grøde, for å utnytte ressursane. Det er ikkje berre snakk om det som veks i jorda eller over jorda, men om dyr som lever i skogen eller på fjellet.

Hjorten har vorte talrik siste åra, han har ikkje berre beita på fjellet og i skogen, men på dyrka mark og i hagar. Kvota har vorte auka for å redusere bestanden. I år vart det eit hopp i fellingsløyva. Vi fekk melding frå leiar i jaktfeltet at vi kunne få meir enn eitt dyr. Då vart det ei kolle og kalven. Begge dyra blei felte på garden her knapt 300 m frå huset.

Eg er ikkje jeger,  berre tek mot det vårt bruk har rett på. Så er det å stelle skrotten på beste måte, partere og lage til porsjonar. Mykje er best eigna til å lage kjøtkaker av. Det er også det som er mest arbeidssamt.

Når vi får hjorteskrotten i hus, er det alltid litt spennande om jegeren har vore heldig med skotet, eller i verste fall skota. Vi opplever gjerne at eit slakt kan vere heller blodig. Kva gjer ein då? Veit berre kva eg gjer. Skjer vekk alt som  er blodig.  Det vert som regel nok kjøt likevel.

Dei fleste likar å ete hjortekjøt, men det er ikkje få som helst vil sleppe balet med å stelle eit slakt. Dei betalar gjerne profesjonelle folk for å gjere arbedet. Sjølvom det er strevsamt arbeid, synest eg det er bra å gjere det sjølv. Ein kjem litt meir i kontakt med det haustingsarbeidet dette er.

Vi bur nærleiken av skogen og hjortar kjem på markane. Hjorten er no i brunst og bukkane brøler. Til denne tid i år har det ikkje vore særleg plagsamt, men det har vore haustar då hjorten har vore heilt nærleiken med brølinga si.

 

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.