Hausting

Hausten er tid for å hente inn grøde, for å utnytte ressursane. Det er ikkje berre snakk om det som veks i jorda eller over jorda, men om dyr som lever i skogen eller på fjellet.

Hjorten har vorte talrik siste åra, han har ikkje berre beita på fjellet og i skogen, men på dyrka mark og i hagar. Kvota har vorte auka for å redusere bestanden. I år vart det eit hopp i fellingsløyva. Vi fekk melding frå leiar i jaktfeltet at vi kunne få meir enn eitt dyr. Då vart det ei kolle og kalven. Begge dyra blei felte på garden her knapt 300 m frå huset.

Eg er ikkje jeger,  berre tek mot det vårt bruk har rett på. Så er det å stelle skrotten på beste måte, partere og lage til porsjonar. Mykje er best eigna til å lage kjøtkaker av. Det er også det som er mest arbeidssamt.

Når vi får hjorteskrotten i hus, er det alltid litt spennande om jegeren har vore heldig med skotet, eller i verste fall skota. Vi opplever gjerne at eit slakt kan vere heller blodig. Kva gjer ein då? Veit berre kva eg gjer. Skjer vekk alt som  er blodig.  Det vert som regel nok kjøt likevel.

Dei fleste likar å ete hjortekjøt, men det er ikkje få som helst vil sleppe balet med å stelle eit slakt. Dei betalar gjerne profesjonelle folk for å gjere arbedet. Sjølvom det er strevsamt arbeid, synest eg det er bra å gjere det sjølv. Ein kjem litt meir i kontakt med det haustingsarbeidet dette er.

Vi bur nærleiken av skogen og hjortar kjem på markane. Hjorten er no i brunst og bukkane brøler. Til denne tid i år har det ikkje vore særleg plagsamt, men det har vore haustar då hjorten har vore heilt nærleiken med brølinga si.

 

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *