Smak av vinter

 

Oktober kan vere lunefull. Etter mange dagar med finever, kan det brått bli regn og snø. Sist søndag var det slik. Kona ville på setra og vi la i veg med litt småregn i lufta. Vi nærma oss setra og regnet vart sludd. Men vi skulle lenger denne dagen, opp til setrevatnet som ligg omlag 400 m.o.h. Her vart det snø i råsa, men nokon hadde gått før oss nokon med store sko, og vi visste kven det måtte vere. Ein fjellvand granne som har gått stigane her i alle årstider. No var han i naustet for å sikre båten til vinteren. Det er kvar vår spennande om naustet framleis står. Kvar vinter går det mektige fonner her under Sunndalsnipa, men så langt har naustet fått stå. Det vert pakka inn i snø og verkar så langt å ligge trygt i den vesle vika.

 

Det er første gongen eg har gått i snø til naustet. Det vart heller ikkje nokon lang stogg for dagen er kort no. Vi la på heimveg og grannen først. Vi hadde vel gått hundre meter då eg merka at mobilen var borte. Eg hadde nok ikkje lagt han trygt i rette lomma på innsida av regnjakka. Eg fann lukkelegvis telefonen i råsa då eg nærma meg naustet. Godt at det ikkje var tjukk snøkave. Resten av vegen gjekk det greitt.

 

 

 

 

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *