Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Godt gjort

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 30. oktober , 2016

Denne mannen har lagt ned mange hjortar i si tid. Her poserer han ved ein som sonesonen har skote. Ivar er ein flink jeger og har sjølv felt om lag 150 dyr. Hjorten som heng her, vog 95kg og er ein ekte kronhjort. Det har vorte fredelegare om natta no. Fleire neter vart eg vekt […]

Vandal på ferde

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 23. oktober , 2016

Stakkars tre! Kvart år, opptil fleire  gonger, er dette epletreet utsett for hærverk. Vedkomande vandal, eller kanskje det er vandalar, beiter på treet. Eg hadde ikkje før hausta siste eplet, før øydelegginga var eit faktum igjen. Store eple var det på eit tre med friske greiner og blad. No fann eg det bladlaust og jammerleg […]

Innsats for kulturlandskapet

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 20. oktober , 2016

Landet vårt gror igjen. I går gjekk grannen og eg til verks. Med kvar si motorsag gjekk vi laus på einekagane på støylen. Einen veks som eit ugras på setervollen. Der han veks finn du ikkje blåbær. Før i tida gjekk kyrne på setervollen og beitte. Eineveden luktar godt. Eg drog lukta opp i nasen kvar […]

Den gamle apalen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 15. oktober , 2016

Den gamle apalen har truleg stått her i meir enn hundre år. Det er eit symbol her det står i skogkanten. Det står her på trass og i år er det ekstra mange eple på det. Eg har ikkje smaka på dei år. Det er lite smak på dei, og eg veit heller ikkje om […]

Slektstreet

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 31. august , 2016

Slektstreet veks. Når eg fortel at eg driv med slektsgransking, får eg gjerne spørsmål om kor langt attende i tid er eg komen. Eg forstår at det kan vere interessant å finne ut det, men det er berre ein del av produktet. Vel så viktig er det å sjå kvar ein har røtene sine. Det […]

Slekt II

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 28. august , 2016

Dette er eit framhald. Etter fem år har eg kome i gang med slektsgransking igjen. I ni månader har eg drive på, og mesta kvar dag har eg vore inne på dataprogrammet. Det kan godt kallast «ei dille», men for meg har det vorte ei «pille», noko som er kjekt å drive med. Eg er […]

Slysner

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 9. desember , 2015

Somme er meir uheldige enn andre. trur eg er ein av dei. Var på butikken for ei veke sidan. Skulle ta med meg ein «pakke» med alkoholfritt øl frå ei hylle, men eitt eller anna gjekk ikkje etter planen og seks flasker small i golvet. Spør ikkje om det var glasbitar og øl utover golvet. […]

Fiskeri

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 13. september , 2015

Det vart storfangst. Det er godt med steikte kreder, men det ligg litt arbeid i å få ein slik fangst i hus. Først må ein ta seg til fjells, få ut båten med garn og så ro og setje garna. Det var stri motvind då vi rodde til enden av vatnet, men vona om fangst […]

Sykkelturen

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser lørdag 20. juni , 2015

Sommaren er full av lokale festivalar eller andre gode kulturtilbod, og alle bygder med respekt for seg sjølv må ha noko å samle folk om. I dag var planen å sykle til Bjørke, kjøpe rjomegraut og gå på boklansering. Start frå Sunndalsfolla 1030. Då var det lagt inn ekstra sløyfe om Bjørkegardane. Vi rulla i […]

Sitje ute eller inne?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 7. juni , 2015

Eg likar best å ete ute. Det må ikkje regne, men elles er det berre å ta på ei varm jakke. Denne våren har det vore regn mesta kvar dag, og sommaren teiknar til å bli like eins. I dag regna det, men så letta det, og eg var snar til å finne fram kost […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php