Fiskeri

2015 202Det vart storfangst.

Det er godt med steikte kreder, men det ligg litt arbeid i å få ein slik fangst i hus. Først må ein ta seg til fjells, få ut båten med garn og så ro og setje garna. Det var stri motvind då vi rodde til enden av vatnet, men vona om fangst gjorde at motivasjonen var på topp.

Morgonen etter var det det ei blank flate å ro i. Det er alltid eg som ror og den andre som ordnar med setjing og draging. Eitt av garna var særleg fullt av fisk. Då tenkte eg : «Dette er rovfiske.» No fiskar ikkje vi for å berge livet, men vi tenkjer sjølvsagt på at vi driv med kultiveringsarbeid. Færre fiskar i vatnet med betre kvalitet og vekt. Ein slik fisketur med overnatting i fjellet ber med seg naturoppleving, sosialt samver, og sjølvsagt steiking av fisk.

Det har vorte fleire fisketurar, men ikkje med garn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.