Follabloggen

Vår i anmarsj Litt rart, men mest kjekt at Follabloggen er i gang att. Han vil nok vere attkjennanede med tankar og refleksjonar over ulike emne. Må nok berre slå fast at livet mitt vart annleis etter ei periode med mykje sjukdom. Tanken er no at eg ikkje skal repetere eller dvele meir over det,… Fortsett å lese Follabloggen

Påska 2024

Sjølve påska Dei færraste veit visst at påska tek til først påskemorgon, 1. påskedag. Difor er det svært vanleg at folk helsar kvarandre «God påske» allereie palmesøndag. Påska byrjar med sjølve påskeunderet: Jesu oppstode frå dei døde. I år var vi samla heile 20 med smått og stort, men alt denne dagen vart det ei… Fortsett å lese Påska 2024

Langfredag

Dette er den lengste dagen som har vore. Det var den dagen for to tusen år sidan då Jesus Kristus vart sviken, torturert, krossfest og døydde. Han hadde gjort berre vel då han vandra på jorda vår. Han var skuldlaus. men han tok på seg all vår skuld, heile manneætta si synd og skuld. Dagen… Fortsett å lese Langfredag

Påska 2024

Takka vere svigerson, Egil, kom eg meg inn på ‘follabloggen igjen. No kan eg igjen kome med tankar og refleksjonar om smått og stort. I dag er det skirtorsdag. Her er to full hus, til saman 20 personar. Det er veldig kjekt å vere saman. Her manglar berre dei fem som bur på Frekhaug. Her… Fortsett å lese Påska 2024

Er ikkje min halve mann

Eitt år sidan sist Det snart eitt år sidan eg skreiv blogg, men no er det på tide å gje lyd frå seg. Mykje har hendt sidan sist. Alt kjem ikkje med ein gong, men litt etter litt. I dag har eg vore i god form. Det heiter at ei ulukke kjem sjeldan åleine. Tidlegare… Fortsett å lese Er ikkje min halve mann

Breiband til bygda

No skal det bli breiband også har på Folla. Dette er eit stort og viktig framsteg for buplassen. Vi har ei viss historie å vise til når det gjeld den teknologiske utviklinga her som på andre plassar der det har vore vanskar med å få ta i bruk tekniske nyvinningar. Då vi busette oss her… Fortsett å lese Breiband til bygda

Framleis liv på garden?

Er det verkeleg grunnlag for spørsmålet om garden framleis er liv laga?  Vi som bur her har hatt arbeid utanfor bruket. Dei tidlegare generasjonane har livnært seg ved arbeid på garden. Vi har inga buplikt, men driveplikt. Driveplikta vert oppfylt når ein får nokon til å bruke jorda, nokon som ikkje bur på bruket. Dei… Fortsett å lese Framleis liv på garden?

Buplassen – litt historie

I går såg du bilete frå Folla som meir presist heiter Ivafolla. Det var ein Ivar som var opphav til dette namnet. Då er vi heilt tilbake til 1700- talet. Eg og kona utgjer den 10 generasjonen her på garden. Til skilnad frå tidlegare generasjonar, har vi ikkje drive garden sidan vi tok over i… Fortsett å lese Buplassen – litt historie

Nytt frå buplassen

Sunndalsfolla ligg i Sunndalen som er ei grend i Austefjorden. Garden ligg på vestsida av denne grenda og i bakgrunnen ser vi mot fjorden. På det neste biletet ser vi tunet på bruk 1 til venstre. Der bur kona og eg. For dei som kjenner oss, er ikkje dette noko nytt. Lat no dette vere… Fortsett å lese Nytt frå buplassen

Snart Mars

Ja, det nærmar seg mars, første vårmånaden. Eg er av dei som har fått nok av vinter og kulde, og difor er dagane med raude temperaturar velgjerande. Siste dagane har eg ikkje sett fuglar i hagen. Har dei frose i hel? Mars, ja? Er det dit vi skal? Såg på marslandinga og var like imponert… Fortsett å lese Snart Mars

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.