Den gamle apalen

img_2984

Den gamle apalen har truleg stått her i meir enn hundre år. Det er eit symbol her det står i skogkanten. Det står her på trass og i år er det ekstra mange eple på det. Eg har ikkje smaka på dei år. Det er lite smak på dei, og eg veit heller ikkje om dei vert betre om dei vert lagra utover vinteren. Bakken under er hardtrakka av hjorten. Kanskje det var her han står «brølaren» som held oss vakne om natta?

Ei stor grein har brotna og ligg på bakken. Slik er det i alle ætter. Kvister, greiner kan gå til grunne, men noko vert att av treet. Livskrafta er lagt ned i skaparverket. Endåtil eit gammalt tre kan bere frukt slik ei gammal ætt føder nye generasjonar.

Eg kunne vist fram eit anna epletre, men der har eg plukka frukta. Her vert nok epla hangande til dei ramlar ned til mat for hjorten. Treet skal få stå der. Eg kjem ikkje til å sage det ned. Det er også eit minnesmerke over den gamle bonden, over Andreas som planta det, mannen som ikkje sjølv førte slekta vidare.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.