Slektstreet

Slektstreet veks.

Når eg fortel at eg driv med slektsgransking, får eg gjerne spørsmål om kor langt attende i tid er eg komen. Eg forstår at det kan vere interessant å finne ut det, men det er berre ein del av produktet. Vel så viktig er det å sjå kvar ein har røtene sine. Det gjeld både farssida og morssida.

Treet veks i omfang og dei fleste på treet har gått ut av tida. Det er viktig å kartlegge personar som kjem til, og alle dei som framleis lever. Biletstoff er også viktig å få med der det finst.

Ei viktig kjelde til all slektsgransking er kyrkjebøkene. No er det slik at det var først på 1600-talet at prestane tok til å føre kyrkjebøker. Eg har fått personar på treet som er fødde før den tid, men då er det andre kjelder som ligg til grunn.

I dag får ein stendig tilbod om å ta DNA-test. Eg har ikkje sjølv teke test, men ein bror har gjort det. Sidan vi har same far og mor, så har vi same DNA. Eg veit no kva haplogruppe eg høyrer til (y-kromosomet) og sameleis har eg fått vite mt- DNA-gruppa, altså morslinja. No er det slik at det berre er døtre som kan føre vidare dette kromosomet.

Bruken av genteknologien vil vere eit viktig hjelpemiddel og supplement i forskninga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.