Sykkelturen

Sommaren er full av lokale festivalar eller andre gode kulturtilbod, og alle bygder med respekt for seg sjølv må ha noko å samle folk om.

I dag var planen å sykle til Bjørke, kjøpe rjomegraut og gå på boklansering. Start frå Sunndalsfolla 1030. Då var det lagt inn ekstra sløyfe om Bjørkegardane. Vi rulla i veg, men etter 800 m var  noko frykteleg gale: flatt bakdekk. Kona tilbaud meg sin sykkel. Ho kunne ta den med tre gir. Tvillaust eit godt tilbod, men eg er sta og vi traska heim, reiv dekket av bakhjulet og fann straks eit hol som vi bøtte.

Ny start etter 45 minutt. Merkeleg hopping og rørsle i bakhjulet mitt. Kva no? Prøvde med litt justering på dekket og ferda heldt fram. Vi nærma oss Månabakkane. Issa då, flatt dekk igjen.  Lite vits i å snu, og lite vits i å halde fram, men vi gjekk opp bakkane. Utanfor Raudehuset sat  Eddie med kone og to døtre. Her var det brått hjelp å få. Ned i kjellaren og opp med ein sykkel. Den fekk eg  låne. Justering av setehøgda måtte til og litt meir luft i dekka. Litt meir terrengsykkel dette, ikkje så smale dekk som på min. Setehøgda var ikkje heilt maks. Det vart tungt å halde følgje med min betre halvdel, ho måtte stadig vente på meg. Vart mykje gåing før vi kom til Bueide. Sleit også med heilt å forstå girsystemet.

Eg hadde sjekka yr.no og visste at vi fekk nordaust på Skjåstadalen. Slett ikkje uvanleg med motvind denne vegen. Veret var fint, sol og skyer. Det vart meir og meir slitsamt og eg  tenkte heile tida på at vi også skulle tilbake.

Grauten var god den, men porsjonen kunne vore større. I ettertid har eg tenkt at den kanskje var stor nok. Så var det tid for boklansering på ungdomshuset. Bok om Indre Hjørundfjord frå istida og fram til yngre jarnalder. Den store sensasjonen kom etter kvart fram: Det var vikingar frå Bjørke som rana klosteret på Lindisfarne i 793 e. Kr.! Opplysninga var dokumentert ut frå funn i ei kvinnegrav frå denne tida. Heile bokprosjektet er finansiert av eit minnefond. På lanseringa var det både geologar og historikarar som la fram diverse funn.

Det vart ikkje kjøpt bok i denne omgang. Som halvt hjørundfjording burde eg nok skaffa meg eit eksemplar, men no var det tid for retur. Vinden hadde ikkje snudd, men det var berre så vidt. Det vart eit slit. Det hadde skya til, men heldigvis kom det ikkje regn. Useieleg godt å kome heim.

 

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.