Slysner

Somme er meir uheldige enn andre. trur eg er ein av dei. Var på butikken for ei veke sidan. Skulle ta med meg ein «pakke» med alkoholfritt øl frå ei hylle, men eitt eller anna gjekk ikkje etter planen og seks flasker small i golvet. Spør ikkje om det var glasbitar og øl utover golvet. Eg er flau endå, sjølvom eg ikkje veit om det var mi skuld. Kanskje det var pappen som flaskene hang i, som rauk.

Etter ei slik slysne, vert eg mint på andre uhell som har heimsøkt meg. Mykje verre ting enn å knuse flasker, glas, karaflar og pynteting. Uhell med bil. Har ikkje lyst å gå i detalj. men det har skjedd eitt og anna i dei over 40 åra eg har hatt lappen. Eg brukar aldri å skulde på andre, for det vil ingen tru på likevel.

Ein dag skulle eg hente ned noko som låg oppe på bjelkane i garasja. Då stod eg på ein gammal vaklevoren stol som brått svikta. Eg datt med ryggen ned på stolen. Greidde å kreke meg inn i huset. Kona køyrde meg til legen. Trøysta eg fekk var at eg hadde knekt ribbein. Den som har opplevd det, veit at det er vondt, ikkje minst når ein skal le eller nyse. Har forresten hatt fleire uhell med knekte siderev som resultat.

No i haust hadde eg ei ekkel oppleving. Var på fjellet i lag med ein granne. Vi hadde sett garn i fjellvatnet og var på veg til støylen der vi skulle overnatte for så å drage garna neste morgon. Sidan eg framleis er ganske lett til beins, la eg i veg i god fart for å ta ein avstikkar opp på ein haug der eg visste det var molter. Men akk, der stakk det opp noko i råsa slik at eg miste balansen og ramla med stor kraft framover på stien. Resultatet vart at eg skrapa meg opp i andletet og særleg gjekk det ut over nasen. Som vanleg både ser og kjennest det verre ut  enn det er Kan vel seie at eg kom frå det med skrekken og ein del skråmer. Nokre dagar etter var det ei gravferd i bygda med mykje folk samla. Eg våga meg dit, men ingen spurde kva eg hadde vore ute for.

Skulle fortalt litt om alle uferdene eg har hatt på glattisen, men det får vere til ein annan gong.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.