Vandal på ferde

img_2994

Stakkars tre! Kvart år, opptil fleire  gonger, er dette epletreet utsett for hærverk. Vedkomande vandal, eller kanskje det er vandalar, beiter på treet. Eg hadde ikkje før hausta siste eplet, før øydelegginga var eit faktum igjen. Store eple var det på eit tre med friske greiner og blad. No fann eg det bladlaust og jammerleg nedbeitt.

Eg hadde teke åtgjerder ut frå tidlegare røynsler. Hadde hengt på raude band og dryssa blodmjøl rundt treet. Men eg har kanskje meg sjølv å takke. Tok vekk «fugleskremselet» i vår. Det skulle ha vore der. Det var berre ei etterlikning av meg sjølv med ei gammal boblejakke og ein hatt på ein staur. Viss eg ville berge dette velsmakande treet, skulle eg ha gjerda det inne med tre meter høgt gjerde.

Eg veit kven som stendig legg sin «elsk» på treet. Det er hjorten. Det hjelper ikkje at dyret hamnar i ein eller annan  frysar og deretter i gryta. Eg er lei meg og ynskjer han dit peparen gror kvar gong han har vore på ferde.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.