Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Nøkkelen og kista

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 1. august , 2017

Ein nøkkel høyrer til ein stad. Har du berre nøkkelen, lurer du på kvar han høyrer til. Kva kan han låse /låse opp. Eg veit kvar denne høyrer til. Ei gammal kiste; arvegods. Eg er no mest oppteken av nøkkelen og opphavsmannen til den. Tradisjonen fortel at det var ein vidgjeten smed som laga nøkkelen, […]

«Skam få alle revane raude…..»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 23. juli , 2017

Av og til vert harmoni til dissonans, eller glede til skuffelse. Vi skulle ha ansvaret for eit bur med vaktlar, eit par kaniner og fire marsvin i sine respektive bur. Vi hadde barneborn på besøk, og dei var med då vi hadde første stellet. Vi plukka vaktelegg som låg spreidde inne i buret. Vaktelegga smakar […]

Pennesplitten

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 10. mars , 2017

Volda har pennesplitten i kommunevåpenet. Tenk på det når vi no går vidare til noko som hende for meir enn hundre år sidan. Vi er i skulestova på Kalvatn. Vi er midt i ein time og læraren sit bak kateteret. Kva han elles gjer, veit eg ikkje. På ein av dei næraste dobbelpultane sit to […]

Arveleg «skavank?»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 8. februar , 2017

Eg har store vanskar med å finne sko som høver på føtene mine.  Har tråla skobutikkar i Oslo for å finne sko som ikkje gneg på helen, og der omkring. Det brukar ende med at eg kjem ut med nok eit par ecco-sko. I ein lengre telefonsamtale med eit søskenbarn der vi var innom ymse […]

Gammalt nytt

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 5. februar , 2017

Det er to månader sidan siste blogginnlegg. Lang pause. Sidan då har USA fått ny president.Kan bli skremd av denne figuren og alt han vil gjere . I dag la eg frå meg boka om sekstitalet skriven av Ketil Bjørnstad. Fengslande lesnad. Før eg les om syttitalet, skal eg lese Edvard Hoem si siste bok: […]

4 oldefedre

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 5. desember , 2016

Jon, Peder, Jørgen, Martinus. Som gammal lærar har eg lært at repetering er viktig. Felles for all dei nemnde, er at eg har lite kunnskap om kvar av dei. Alle levde det meste av liva sine på 18- hundretalet. Jørgen Fredrik, far til min morfar, har eg skrive litt om før. Han var bonde på […]

Julekaker er ut

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser fredag 2. desember , 2016

                                 Vi er gammaldagse. Julekaker er ut. Det er ikkje lenger inn-utkaker, det er ut. Eg er av gamlesorten og likar difor småkaker. Det vert nokre sortar i år også, men ikkje 7. Kakene du ser nærast, heiter silkekaker, eller sjakkruter. Når […]

Vind i kasta

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 1. desember , 2016

Det er er mykje snakk om veret. Det er ikkje så rart heller sidan vi har mykje og variert ver her  i nordvest. Regn. sludd, snø og vind, glatte vegar og dårleg sikt. Måtte likevel spisse øyra då ei på radioen fortalde om veret på sin heimstad no i ettermiddag. Det var» vind i kasta», […]

Blakk fredag

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser fredag 25. november , 2016

Visste du at blakk er ein farge. Fargen har ymse variantar og er vel her på berget fargen på ein vestlandshest eller fjording. Fargen er bleikt gulbrun og har variantane: raudblakk, ulsblakk, brunblakk og gulblakk.  Har også høyrt nemnt lys brunblakk. I dag har du hatt sjansen til å bli blakk. Det finst nok einkvan som vart […]

Koseprat

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser onsdag 2. november , 2016

Eg har forstått at det er viktig å kose seg. Det er på moten. Særleg dei som er på ferie eller lengre opphald i varmare strok, kosar seg. Dei ligg på stranda og let sola brune kroppen. Så går dei på restaurant og held fram med å kose seg med mat og drikke og prating […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php