Koseprat

Eg har forstått at det er viktig å kose seg. Det er på moten. Særleg dei som er på ferie eller lengre opphald i varmare strok, kosar seg. Dei ligg på stranda og let sola brune kroppen. Så går dei på restaurant og held fram med å kose seg med mat og drikke og prating om laust og fast.

Du kosar deg ikkje med arbeidet du må gjere, oppvask og anna vask, middagslaging, eller jobben du gjer og har betaling for. Du gjer ikkje noko meiningsfylt, du berre nyt livet, et potetgull og drikk attåt. Det er ikkje mange åra sidan ein også røyka inne når ein kosa seg. No må dei som røyker, gjere det ute, i all slags ver, og  då er ikkje det særleg koseleg.

Somme kosar seg med god mat. Dei ser gjerne ut deretter. Eg har ei kjensle av at kosing er eit mål i seg sjølv. No er vi menneske nokså ulike. Felles for alle , er likevel at kosen må kome innanfrå. Du kan ikkje kommandere folk til å kose seg.

Av og til lurer eg på om du må ha det koseleg rundt deg når du kosar deg. Det vert med luringa for kva som er eit koseleg rom eller uteplass, er det gjerne mange meiningar om.

Har du det koseleg, er temperaturen til å leve med. Du har ikkje vondt nokon stad, miljøet er harmonisk. Det er ingen som skjenner eller lagar kvalm rundt deg.

Den beste låten å lytte til når ein skal kose seg, er den med Halvdan Sivertsen. Varm kakao og Fantomet  er opptimalt kos.

Det er folk som ser koselege ut. Kvifor gjer dei det, tru? Neste gong du ser deg i spegelen, kan du stille deg spørsmål om du er ein koseleg person.

 

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.