Arveleg «skavank?»

Eg har store vanskar med å finne sko som høver på føtene mine.  Har tråla skobutikkar i Oslo for å finne sko som ikkje gneg på helen, og der omkring. Det brukar ende med at eg kjem ut med nok eit par ecco-sko.

I ein lengre telefonsamtale med eit søskenbarn der vi var innom ymse emne, fortel han at han ein dag kom i prat med ein som hadde tilknyting til ei bygd i Oppstryn. Denne karen klaga over at han hadde så» høge» helar at han hadde vanskar med å finne sko. Då kunne Knut fortelje at dette var eit velkjent fenomen. – Då skal du sjå vi er i slekt. meinte mannen. Då vart det min tur til å bli forundra. Der er forklaringa på at eg har slike problem med å finne høvelege sko. Det er ein arveleg «skavank» frå Floslekta. Ein av brørne mine går forresten også i Eccosko. Då har eg konkludert. . .

 

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *