Nøkkelen og kista

Ein nøkkel høyrer til ein stad. Har du berre nøkkelen, lurer du på kvar han høyrer til. Kva kan han låse /låse opp. Eg veit kvar denne høyrer til. Ei gammal kiste; arvegods.

Eg er no mest oppteken av nøkkelen og opphavsmannen til den. Tradisjonen fortel at det var ein vidgjeten smed som laga nøkkelen, låsen og jarnbeslaga på kista. Kanskje var det ein annan som laga kista, men eg vel å tru at det var same mannen som laga alt. Kista er tom, men eg fantaserer gjerne om kva som har lege der. Ved eine kortenden inni, er det ein leddik, men loket som ein gong var der er borte.

Det som gjer kista og nøkkelen til ein eignalut for meg, er at skaparen har same førenamn som eg. Andre tippoldefar, fødd i 1754, død i 1830.

Legg merke til nøkkelen. Bostaven H i skjegget på nøkkelen. Det er ein vakker nøkkel. Kva meining som ligg bak ornamenteringa på nøkkelen, veit eg ikkje, men eg anar at det er ein kunstnar som har vore på ferde.

Eg kjenner meg liten. Kva har eg gjort som kan visast fram om 220 år?  Harald Olsson var visst bjørnaskyttar og. Det ville ikkje undra meg om han  hadde laga børsa si.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.