4 oldefedre

Jon, Peder, Jørgen, Martinus. Som gammal lærar har eg lært at repetering er viktig. Felles for all dei nemnde, er at eg har lite kunnskap om kvar av dei. Alle levde det meste av liva sine på 18- hundretalet.

Jørgen Fredrik, far til min morfar, har eg skrive litt om før. Han var bonde på Saure i Hjørundfjorden  og dreiv Trondhjemshandel som attåtnæring. Han tente litt pengar, men miste det meste i det store krakket på slutten av 1920-talet.

Peder Johan, far til farfar, finst det ikkje bilete av. Han var bonde på Kalvatn og var gift to gonger.  Førstekona døydde og han vart gift oppatt med ho som først var gift med eldste broren hans, Harald.

Martinus, far til farmor, vart gift med ei jordataus her på Sunndalsfolla. Berte Johanne gjekk bort berre 52 år gammal. Martinus vart den eldste av oldefedrene, 94 år. Martinus var blind i mange år. Biletet under skal vere av Martinus, faren til mi farmor.

Jon, far til mormor, veit eg ingenting om. Han budde på Øvre Flo i Stryn. Det einaste eg har er eit bilete av, er huset der han budde. Det kjem kanskje i ein ny blogg.

img_3047.

Martinus Paulsson Hjorthaug fødd i 1838. Døydde i 1932. Legg merke til kleda. Det meste er nok heimevove vadmål. Skjorta er nok ikkje av silke, men ho er kledeleg. Biletet er sjølvsagt eit fargelagt svartkvitt-foto, eller kan det vere ei teikning/ måleri,

Eg er av bondeslekt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.