Pennesplitten

Volda har pennesplitten i kommunevåpenet. Tenk på det når vi no går vidare til noko som hende for meir enn hundre år sidan.

Vi er i skulestova på Kalvatn. Vi er midt i ein time og læraren sit bak kateteret. Kva han elles gjer, veit eg ikkje. På ein av dei næraste dobbelpultane sit to gutar. Ein av dei sit og fiklar med ein pennesplitt. Han stikk han ned i ein sprekk framme på pulten og lirkar litt på han, fram og tilbake. Brått sprett pennesplitten og tek ein fin boge gjennom lufta – og råkar skulemeisteren i eine øyreflippen og står der, som pil i ein blink.

Tenk deg skrekken for han som var skuld i uhellet. Tenk gjerne også på kva reaksjonen vart hos han som vart råka. Eg veit ikkje kva som hende i etterkant, men historia skal vere sann.

Volda fekk sitt såkalla kommunevåpen på 1980-talet. Du kan sjå på det som eit symbol på opplysning. Det er slett ikkje eit våpen.

 

 

 

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *