Blakk fredag

Visste du at blakk er ein farge. Fargen har ymse variantar og er vel her på berget fargen på ein vestlandshest eller fjording. Fargen er bleikt gulbrun og har variantane: raudblakk, ulsblakk, brunblakk og gulblakk.  Har også høyrt nemnt lys brunblakk.

I dag har du hatt sjansen til å bli blakk. Det finst nok einkvan som vart det i dag, brukte resten av månadsløna sidan det var slike kjempegode tilbod. Eg fekk sjølv eitt på sms frå Ford. Hadde eg sagt ja til det tilbodet, måtte eg ha tømt sparekontoen, eller teke vegen til banken. Forresten hadde eg ikkje lyst på den modellen. Difor tenkjer eg at i dag har eg i motsetnad til mange andre, spart pengar på denne svarte fredagen.

Black Friday er visst ikkje berre i dag. Heile denne veka har det vore «fantasiprisar», såkalla dagtilbod.

 

 

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.