Julekaker er ut

                                img_3051

Vi er gammaldagse. Julekaker er ut. Det er ikkje lenger inn-utkaker, det er ut. Eg er av gamlesorten og likar difor småkaker. Det vert nokre sortar i år også, men ikkje 7. Kakene du ser nærast, heiter silkekaker, eller sjakkruter. Når vi et desse , tenkjer vi på Noregs sjakk-konge. Alle julekaker skal etast med andakt.

Etterkomarane våre bryr seg ikkje om julekaker. Eg veit ikkje grunnen, men trur det har noko med sukker- og feittinnhald å gjere. Det er truleg positivt. Sukkeret i småkaker er kanskje farlegare enn anna sukker.

Her i heimen lagar vi julekaker fordi vi kjem i den rette førjulsstemninga. Det har først og fremst med tradisjon å gjere. I jula et vi lite av desse kakene. Julekaker  er snadder i januar.

I fjor laga eg krumkaker fordi det var venta. Vi sleit med å ete dei opp. I år har vi ikkje  lefser i hus. Dette er eit eksperiment. Eg ventar på reaksjonen. Ingen lefser til lutafisken julaftan.

Kva et borna våre og deira born? No tenkjer eg på dei som er så store at dei et vanleg mat.

Eg har tenkt å finne det ut.

Det er forresten ei julekake eg berre et ei av heile jula. Den lagar vi ikkje sjølve, men kjøper nokre hos bakaren. Smultringar.

Eg veit at julekaker er å få kjøpt, men dei smakar ingen ting.

Eg har ei tilståing til slutt. Dei sirupsnippane eg laga til jul, manglar litt sukker. Eg hadde store vanskar med å kjevle dei ut. Smuldrete deig! Kan ikkje forstå kvifor. Har i allfall ikkje noko med sukkeret å gjere.

Som du nok skjønar: Det vart dårleg stemning under sirupsnipplaginga.

 

 

2 kommentarer

  1. Eg er ikkje usamd. Vi kan prøve å mekke nokre etter at vi har vore i Oslo. Vi laga flatbrød laurdag. I dag, søndag, har vi vore i Hatlane. Kva slag lefser har du tilgang til, forresten? Helsing faren din❤️

  2. Kven av etterkomarane siktar du til? Eg er ikkje blant dei. Blir litt rart utan lefser til julelunsj. Skal ikkje sjå vekk ifrå at eg tek med nokre heim til jul😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.