Godt gjort

img_3005

Denne mannen har lagt ned mange hjortar i si tid. Her poserer han ved ein som sonesonen har skote. Ivar er ein flink jeger og har sjølv felt om lag 150 dyr. Hjorten som heng her, vog 95kg og er ein ekte kronhjort.

Det har vorte fredelegare om natta no. Fleire neter vart eg vekt av intens brøling. Denne gossen var nok ein av dei som heldt meg vaken. Kronhjortar er ikkje eit vanleg syn på bømarka, det er helst koller, spissbukkar og kalvar. Når brunstida set inn første dagane i oktober, vert det meir liv i leiren.

Det er viktig med rett avskyting, meinar Ivar. Ein må ikkje skyte alle som skal føre slekta vidare. På dette jaktfeltet er det i år skote to kronhjortar på over 90 kg. Alle dei dyra vi fekk lov å skyte, er no felte.

Hjorten er eit flott dyr og vi vil gjerne ha han i skogane våre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.