Slekt II

Dette er eit framhald. Etter fem år har eg kome i gang med slektsgransking igjen. I ni månader har eg drive på, og mesta kvar dag har eg vore inne på dataprogrammet. Det kan godt kallast «ei dille», men for meg har det vorte ei «pille», noko som er kjekt å drive med. Eg er hekta på slekta.

Eg melde meg på eit gratis program. Det høyrest forlokkande ut. Som dei fleste andre likar eg det som er gratis.. Men eg oppdaga etter kort tid at eg kom til å slite meg heilt ut viss eg skulle halde fram med gratisversjonen. Graving i tilgjengelege aktuelle slektsbøker, digitaliserte kyrkjebøker etc.

Etter desse månadene har eg ei liste på over 11000 namn.  Kvar skal det ende? Tenkte at når det har gått eitt år, kan eg seie meg nøgd. No er eg i tvil. Det er mange brikker som ikkje er på plass. Eg er også med på ein dugnad i lag med andre «slektsforskarar». Eg kan stadfeste opplysningar som er til nytte for dei som har andre slektstre. På same vis får eg hjelp fra andre som fører til nye viktige opplysningar.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.