Slakt

I dag vert det litt om språket vårt og spesielt det som vert brukt i media. Det er ein viss skilnad på språket i dei offisielle nyhendesendingane på radio og TV og avisene. I dei trykte media finn vi ein del sterke språkuttrykk som ikkje vert nytta i radio og TV. Eg tenkjer særleg på uttrykket»slakt». Ordet kjem frå det å ta livet av eit dyr og alt det kan innebere. Men ordet kan og tyde ein knusande dom.  I sistnemnde tilfelle  snakkar vi om ein metafor. Det skal ikkje forståast bokstavleg, men det gjev likevel assosiasjonar – og det er vel føremålet også! Eit slikt uttrykk kan ha stor effekt når det vert brukt med varsemd, men her ein dag tykte eg VG gjekk vel langt.  Det var bilete av ei heil rad med folk som hadde vorte slakta, i følgje avisa. Viss dette verkeleg hadde hendt, ville kanskje overskrifta ha vore «Massakre på…»

Språk kan vere farleg. Eg kjem nok attende med nye døme!

Annonser

Gamle dagar

Er det lenge sidan gamle dagar? Umogleg å svare på. Kva som har vorte gamle dagar er vanskeleg å avgrense.  Det kjem også an på alderen på den som svarar. Kan vi seie at det som var før mi tid var  gamle dagar?

Eg har gjort meg opp ei meining. Gamle dagar var i naturalhushaldet si tid. Då åt ein graut kvar dag og hadde festmat i høgtidene og ikkje elles. Det var før bilen og flyet. Det var definitivt før første verdenskrig. Det var også lite aviser i gamle dagar og dei som var, hadde ikkje illustrasjonar.

Livet var enklare i gamle dagar. Fjernsyn, radio, telefon, datamaskiner, internett fanst ikkje. Viss alt dette ein dag ikkje verkar, då veit vi litt om korleis dei hadde det i gamle dagar.

I gamle dagar var det altså naturalhushald. Folk levde av det jorda, skogen, fjellet og sjøen gav. Då budde også dei fleste her i landet på bygda.  Eg har av og til tenkt på kva som ville skje viss vi måtte tilbake til gamle dagar, av ein eller annan grunn. Då kjem eg på berre eitt ord: Katastrofe.

Annonser

Solspeil

Eg saknar sola. På klarversdagar ser vi no sola som berre gyller fjellsider og toppar. Då veit vi at ho ikkje er heilt borte, men vi vil ikkje sjå henne her på buplassen før 10.februar. Slik har det vore, slik er det, og slik vil det bli så lenge fjella står der. På Rjukan har det vore eit initiativ til å setje opp ein solspegel som skal lyse opp torget i byen. Kostnad 5 mill.

I Viganella, Italia, er det ein slik spegel som opplyser torget. Det har visst god effekt. Kanskje vi kunne fått ein slik spegel her i Austefjorden. Det ville nok bli eit avgrensa område som ville få solstrålane. Kva for grend ville hatt størst sjanse til å få ei slik innretning? Håvika og Djuvika ville stille sterkt. Folkevittigheita vil ha det til at ein av desse plassane har sol berre annakvart år.

Grunnen til at eg kom på dette med solspegel var at det visstnok har vore eit slikt prosjekt i ein dal på grensa mellom Tyskland og Austerrike(Tyrol). For der sist sommer, og då vart det fortalt, men eg har ikkje funne ut meir om det.

Annonser

Sport på TV 14.11.2010

Eg har ei målsetjing om å rasjonalisere på kva eg vil sjå på TV. Filmar ser eg nesten ikkje så det vert mest nyheiter og litt underhaldning og sport. Sport kanskje inn under underhaldning. I dag var det både cupfinale og vintersport på skjermen.

Trur eg vil fornye målsetjinga om å redusere tv-titting! Eg har likevel bra samvit i dag etter ein spasertur på over ein time i bra tempo. Fanatikar vil eg ikkje vere. Det finst folk som i det heile ikkje ser på sport på TV. Det får no vere grenser. Eg synest det er viktig å vere litt orientert og få litt spenning.

Mi meining er at det no er altfor mykje sport på TV. Ein får eit inntrykk av at sport er viktigare enn alt anna. Sport har vorte mest som ein religion for mange, og sportsheltane er som gudar. heilt til dei vert tekne i doping.

Trøytt, men takksam…. 13.11.2010

Lånte hengar i går og køyrde til Hatlane. Der overnatta vi, og i dag returnerte vi med møblar som Vigdis og Ivar hadde tenkt å levere til reinhaldsverket. Dei var for gode til å kaste så no vert det fornying i Gamlehuset. Før vi reiste heim fekk vi hjelpe til med å levere fire hengarlass med skrot til reinhaldsverket i Ålesund. Då kom også hengaren til nytte. Vi kunne glede Ivar og Vigdis med litt hjelp, og vi vart glade for møblane. Ikkje rart vi er litt trøytte i kveld, og i morgon er det farsdag!

Billiglujah! 11.11.2010

Vi er ein av dei husstandane som ikkje har sagt nei til reklame i postkassa. I dag var det m.a. reklame frå ei elektrokjede  som er på veg til vårt område. Her er det ein flokk personar som tydeleg høyrer til eit gospelkor. På tredje siste sida er det ei i koret som syng » Billig – Hallelujah.» Dette synest eg er billeg, ja,  på ein annan måte.

Eg gjer meg nokre refleksjonar. Dei som syng denne Mammonhymna har nok ikkje sagt ja til å figurere som reklame  for vaskemaskiner, mobiltelefonar, pc-ar etc. Eg ser at mobiltelefonane vert bodne fram for 1 øre. Det tyder då at det er «gratis». Du betalar sjølvsagt ikkje med noko du ikkje har, men du bind deg til eit kjøp. Nok om det. Det var dette nyordet Billiglujah. Eg tenkte: Dette er mest som «billig jul ja!»

Greitt viss ein pris ikkje er for høg, eg vil ikkje ha noko fordi det er billeg! Eg vil heller ikkje ha noko som er flåsete og billeg og misbrukar det som er heilagt. Halleluja tyder : Pris Herren!

Namn 11.11.2010

Litt om namn idag. Etternamn kan bli mistydde. Det er ikkje så greitt viss ein må stave namnet sitt kvar gong ein t.d. står framfor ein skranke eller i telefonen skal fortelje kva ein heiter. Eg tenkjer ikkje på polakkar som kjem til landet. Dei har med seg ein haug med konsonantar som vi trur vi skal uttale slik dei står. I mange slike tilfelle må ein ta bokstav for bokstav eller få det nedskrive av personen som eig det.

Eg tenkjer på mitt eige etternamn. Det har av andre vorte skrive på mange måtar. Diverre har eg ikkje skrive det ned i kvart tilfelle noko eg burde ha gjort. Likevel tok kona mi same namnet då vi gifta oss. Borna våre har ikkje skifta namn og borneborna har også fått hekta på dette namnet. Talet på folk som heiter Kalvatn har auka. No ser det ut til at det har vorte eit populært namn. Ja, kvifor ikkje, det er namnet på ei fin bygd og etterkvart eit knutepunkt mellom to fylke!

Men mistydingar kan oppstå.  For lenge sidan, vinteren 67/68 tente eg kongen i infanteriet oppe i Troms. Vi hadde vore på ein iskald vintermanøver og var trøytte og utslitne då vi kom ned til Sjøvegan ein morgon. Troppa hamna inne på ein kafe. Brått var det ein av soldatane på laget mitt som gjekk i golvet. Troppssjefen såg det og brølte namnet mitt sidan eg var lagførar til den som uvita. Straks kom det ei frå kjøkkenet med ei mugge  vatn!

Ein annan gong skulle eg gjere opp for eit opphald på ein campingplass i Sverige. Eg sa då namnet mitt i luka og fekk straks svaret:- Nej, vi har inte det her!

Istid

Tittelen alluderer til ein populær teiknefilm, eller rettare teiknefilmar sidan det har kome framhald. Istida er no. Brått seig temperaturen til under -10 og vi skriv 10. november. Eg vakna tidleg, i dag som elles. Visste i eit no at eg hadde gløymt noko viktig: doet i Gamlehuset. Fekk på meg kleda i ei viss fart, og i dag drog eg på stillongsen også. Vatnet i doskåla hadde frose. Sidan den gongen krusedoet fraus sundt ein gong på åttitalet, har eg hugsa å slå i frostveske eller tøme vasslåsen. Dette var i grevens tid!

Eg likar ikkje å setje på fleire varmeovnar enn naudsynt sjølvom det i dag vart kjøpt ein til datarommet. No skal eg ikkje fryse underbloggskrivinga.

Held frosten fram nokre dagar til, er det utsikt til at isen er trygg heilt ut på Håvika!

Kulde

Det er vinter. Idag tidleg viste gradestokken -7. Kaldare skal det visst bli. Kaldaste på 1000 år. Eg fyrer kvar dag og reknar med å ha nok ved til vårs. Her er inga varmepumpe i huset, og det er vel heller ikkje noka hjelp i viss temperaturen ligg rundt  – 20. Det vert vel rift om turane til Kanariøyane og andre stader med mildare verlag. Eg har ikkje slike planar. Skal det vere nokon vits i, må ein vere der i 3 månader, minst! Kan det vere prognosane om kald vinter som får kronprinsen med familie til å reise frå landet i to månader? Det er best å halde seg ved teltet og legge i ovnen.  Får heller ikkje ferdig badet i kjellaren viss eg skal ligge og dra meg på ei strand i sør ein stad.

Ingen blåmåndag 08.11.2010

Somme dagar viser det meir att av (ein )enn elles. Vart gjort meir i dag enn eg trudde i dag tidleg. Kom i gang med plating av veggene på badet i kjellaren. Gipsplater er tunge å handtere og manøvrere.  Slik som det støvar når ein skal sage!
Vart så ivrig i dag at eg ikkje hadde ferdig middag til ho som framleis kjempar i arbeidslivet. Steikt sei fiska sist sommar.
Ein bra måndag, altså.