Follabloggen

Velkommen til min blogg

Busserun

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - lørdag 19. februar , 2011

Busserun er ikkje det same som busserull. Eg har aldri eigd ein busserun og aldri hatt på meg dette plagget. Busserull har eg, men det er mange år sidan han var på kroppen min, og eg trur han ville stramme litt over bringa og magen. Men det  som er rart, er at busserullen  er utvikla frå busserunen. Busserun er forresten eit italiensk ord.

Far min kunne ikkje italiensk, men likevel snakka han om busserunen sin. På 50-talet og heilt fram til våre dagar, har eg sett folk gå med busserun. Dette var ei lyseblå jakke  av dongery som vart brukt som ytterplagg for menn. No er det fleire år sidan eg såg nokon gå i busserun. Busserunen var kvardagsklede, og eg såg aldri noko bruke den når dei gjekk til kyrkje. Far brukte nok busserunen i fjøsen og ute, men inne sat han ikkje i busserun. Det var slett ikkje alle som gjekk i busserun. Dei fleste som nytta eit slikt plagg, var bønder. Då eg vaks opp, var dei fleste vaksne menn i bygdene her, bønder. I dag er her nesten ikkje bønder att. Dei forsvant med busserunen. Spør meg ikkje kva slag ytterplagg folk rundt om her går i no. Eg veit berre kva eg sjølv har på meg.

2 Comments »

  1. asmund myhrvold Said,

    februar 19, 2011 @ 22:14

    Busserullen var særlig i bruk på Hadeland og ellers i bygdene langs Randsfjorden. Jeg er oppvokst der, og husker at busserullen ikke bare var et arbeidsplagg, men at den også ble brukt som søndagsantrekk. Da var den nystrøken og fin. Det var i de harde tredveåra. I dag er det ikke mulig å se forskjell på bønder og byfolk hva klær angår.

  2. Harald Petter Said,

    februar 20, 2011 @ 08:25

    Takk for opplysande kommentar. Busserullen var sikkert brukt til søndagsklede. Som eg skreiv, har eg sjølv ein busserull. Den har blå og fiolette loddrette striper og har tinnknappar.
    Busserunen har vore eit arbeidsplagg. Når det gjeld påkledninga til by- og bygdefolk så er det nok rett at du ikkje kan sjå skilnad i dag. God søndag!

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.