Juklar

Han Jukle-Pe har vore streng i vinter, og vi har nettopp hatt kaldt ver ei rid. No skal det visst verte mildver, eller læke som vi seier etter gammalt.

Ein tur opp på næraste  ås i dag i lag med nokon av næraste slekta, førte til at to av borna måtte ha med seg alt dei fann av skikkelege juklar ned til buplassen. Det var lett for at ein og annan glei ut av hendene og gjekk i knas, men nokre kom velberga heim.

Eg måtte fortelje ei gåte eller regle til dei to: «Om vinteren er det eit merkeleg tre, med rota opp og toppen ned».

Isjuklar er ikkje å spøke med når dei heng frå tak og utspring. Det er folk som har fått slike ned over seg og har vorte hardt skada. Dei er fredelegare dei som «veks» ute i naturen under ufsar og hamrar. Dei kan også vere foto-objekt. Såg ein som stod i ei veggrøft  og hadde rusta seg ut med stativ og fotograferte nær det eg ville kalle ein vegg av is. Det er mykje som kan vere vakkert i naturen berre ein har auge for det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.