Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ballj

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 22. februar , 2011

«Då Kongen kom til Vigra, fekk han ball!.» Nørdste byen i fylket  vårt vert kalla Balljsund. På kafèane på Vestlandet, kanskje også på Bondeheimen i Oslo, har det vorte servert ball på torsdagar. Ball er godt, men eg veit det er folk som synest det er ein vemmeleg rett. Hugs likevel at det er som med spikarsuppa til Fanten, det er tilbehøret som gjer ball til ein kongeleg rett. Men eg likar godt det grå ballstoffet også.

No finst det fleire namn på denne retten. Det kjem an på kvar du bur. Potetball, raspeball, komle, kompe er namn som vert brukte.

I dag laga eg potetball, og det var enkelt, for det var berre å blande ferdig ballstoff frå ein kilospose, med vatn. Inni ballen putta eg bitar av bacon og môr, laga fine runde ballar og la dei i kokande kjøtkraft. Krafta var av pinnekjøt som eg hadde kokt på førehand. Så var det å legge oppi pinnnekjøtet, og deretter la det koke vel og vakkert ein times tid. Då det nærma seg slutten av koketida, hadde eg oppi gulrøter og skiver av kålrabi. Aller sist la eg oppi gryta ei høveleg mengde med kjøtpølser. Nokon brukar også kokte poteter til, men det synest eg er som smør på flesk. Eg hadde forresten også steikt litt småbitar av bacon, for dei som lika det.

Heime hos ho mor i «gamle dagar» var det langt enklare, men arbeidet med å lage til var meir omfattande sidan ein laga ballen heilt frå grunnen av raspa poteter, mjøl og salt. Så var det kanskje ikkje fleskedott alltid, men netje inni ballen. Nei, du veit ikkje kva netje er! Det er feitt frå det indre av sauen. Eg hugsar enno at dette feittet storkna når det la seg opp i himmelen(ganen). Eg hugsar også at ein kunne få mykje luft i magen etter ein ballemiddag, og helst måtte gå litt avsides viss ein måtte «ventilere» litt.

Så benka vi oss rundt festbordet. I dag var vi 9 sidan vi har besøk av dottera, mannen hennar og dei fem borna deira. Dei yngste er tvillingar som vert to år i slutten av mai. Alle åt ikkje like mykje, men eg fekk lov til å leggje meg på sofaen og ta ei velfortent middagskvild.

Kva drikk ein så til denne retten? Før drakk ein skyr (surmjølk), no er det kefir eller kulturmjølk. Eg har høyrt det er nokon som drikk cola til, og dei må gjerne gjere det for meg. Har eg ikkje surmjølk, drikk eg gjerne vatn. I følgje Storm P er» vand det bedste mand har når man ikke har noget andet.»

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.