Follabloggen

Velkommen til min blogg

Uakseptabel framferd

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 20. februar , 2011

Minne frå skuletida igjen. Eg gjekk på ein landsens skule der fred og ro rådde. Det var lite som braut idyllen og keisemda.

Bygdavegen gjekk like nedom skulehuset. I bygda hadde vi ein vegvaktar. Han rusla etter vegen og reparerte dei verste holene og reinska veggrøfta. Bilar var det lite av, men vegen måtte vere framkomeleg. Ein dag skjedde noko som gjorde at vi kvapp både medelevane og læraren. Ei av jentene sprang bak til glaset og sette i eit gaul. Glaset var truleg ope.  Læraren ville vite kvifor ho gjorde dette, og fekk til svar at ho skulle skremme vegvaktaren, han Skreddar-Nils.

Seinare har eg vel opplevd det som verre var, og no litt frå mi eiga lærartid. Det ville seg slik at eg eit år var inne i ei klasse i lag med ein annan lærar. Det var ein livleg flokk, og nokre av elevane kunne finne på ting som ikkje var heilt etter boka. I ein time hadde elevane fått utdelt arbeidsoppgåvene sine då det brått steig opp flammar og røyk frå ein arbeidsplass. Kva som hende? Ein elev brende opp arbeidsoppgåvene i norsk!

Tru no ikkje at det gjekk ille med eleven som gjorde kål på norskoppgåvene. Vedkomande har gjort suksess i arbeidslivet, og for ikkje mange dagar sidan var ho på TV i samband med ei hending som var førsteoppslag i nyhenda.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.