Follabloggen

Velkommen til min blogg

Tomt haud

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - mandag 21. februar , 2011

Somme dagar er det vanskeleg å kome på noko viseleg å skrive . Statusen er tomt haud. Slik trur eg mange forfattarar har det rett ofte. Beste råda er då å skrive seg i gang. Som norsklærar har eg ofte høyrt:» Eg veit ikkje noko å skrive om!» Nett det har eg aldri vore viljug til å godta. Det er likevel ikkje tilrådeleg å skrive om noko anna enn det som er oppgåva, eller til og med endre tema. Eg tenkjer på han som skulle skrive om ein skitur og endra overskrifta til «Skittur».

Kom på han som skulle skrive ut frå ordtaket: «Av skade blir ein klok». Skribenten la ut om ein gong då han fekk ein alvorleg kakk i hovudet og etterpå kunne konstatere at han hadde vorte så overlag klok.

Kanskje eg skal skrive om haud? Kalla systera mi toskehaud ein gong då vi var barn. Ho repliserte fort: «Toskehauda er no god dei!» Avvepnande!

Eg har høyrt uttrykket «klokehaud». Det er dei som veit og kan meir enn dei fleste. Det er vel oftast dei som har kosta på nepa si meir enn gjennomsnitten. Klokehauda og gapehauda fer same vegen til slutt.Det kan no vere ein tankekross, i alle fall for dei som har mest å fare med.

Toskeskap er ikkje noko å vere kry av,  det er berre negativt.

2 Comments »

  1. asmund myhrvold Said,

    februar 22, 2011 @ 11:59

    Tomt haud

    Det å skrive godt ser ut til å være medfødt. Min svigersønn, Tom Egeland, skrev for et magasin da han var 12-13 år. I dag er bøkene hans oversatt til 20 språk. Han elsker å skrive.
    Landsmål er et herlig mål når det gjelder poesi. Garborg er min favoritt, og «Haugtussa» er helt topp. Av og til deklamerer jeg utenat vers fra «Veslemøy lengtar» for kona. Det er 70 år siden jeg pugget de versene.

  2. Harald Petter Said,

    februar 22, 2011 @ 13:52

    Det kan eg like:-)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.