Follabloggen

Velkommen til min blogg

Langfredag

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 29. mars , 2024

Dette er den lengste dagen som har vore. Det var den dagen for to tusen år sidan då Jesus Kristus vart sviken, torturert, krossfest og døydde. Han hadde gjort berre vel då han vandra på jorda vår. Han var skuldlaus. men han tok på seg all vår skuld, heile manneætta si synd og skuld.

Dagen vart høgtida i kyrkja vår. Det var mange som møtte fram og fekk med seg Jesu lidingsoge. Presten hadde laga til som ei dramatisering med forteljinga og dei ymse rollene framført av medlemer i kyrkjelyden. Det vart såleis meir levande enn når ein berre les lidingssoga. Elles var det song og musikkinnslag.

Det vart elles enn roleg langfredag på Folla. Nokre var ein tur på ski, men dei fleste heldt seg i tunet. Solgunn hadde laga ei herleg fiskegryte. Så var det den tradisjonelle leitinga etter påskeegga, Alle barneborna fekk sjølvsagt sitt egg med gotteri

 
























Påska 2024

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 28. mars , 2024

Takka vere svigerson, Egil, kom eg meg inn på ‘follabloggen igjen. No kan eg igjen kome med tankar og refleksjonar om smått og stort.

I dag er det skirtorsdag. Her er to full hus, til saman 20 personar. Det er veldig kjekt å vere saman. Her manglar berre dei fem som bur på Frekhaug. Her kunne altså ha vore 25. I dag vart det ikkje skitur i Honndalen. Det vart berre ein fellestur rundt Sunndalen.

I morgon vert det gudsteneste i kyrkja på Fyrde og då skal to av oss vere med på å framføre Jesu lidingssoge,

Eg kjem til ¨hugse denne påska fordi eg fekk så mykje god hjelp av Egil. Først med å få mobilen til å «opp og gå» etter reparasjon og manglande back up. så med å få meg på nett i gjen med Follabloggen.

Her er elles meir nytt som dukkar opp etter kvart

Er ikkje min halve mann

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 10. august , 2022

Eitt år sidan sist

Det snart eitt år sidan eg skreiv blogg, men no er det på tide å gje lyd frå seg. Mykje har hendt sidan sist. Alt kjem ikkje med ein gong, men litt etter litt. I dag har eg vore i god form. Det heiter at ei ulukke kjem sjeldan åleine. Tidlegare denne månaden vart eg dårleg. Det synte seg at gallelæra var betent. Antibiotikaen tok svineriet så no er eg god att av det og. Eg som dei fleste, er redd for å få kreft. Eg fekk det. Du må gjerne vere redd for å få det. men ca 30 prosent får det. Eg vart frisk etter å ha fjerna urinblæra og vorte urostomikar. Forma vart betre etter kvart, men i juli fekk vart det fleire plager etter historia med galleblæra. Det vart full stopp i tarmane på grunn av brokk. Etter brokket vart det to omgangar med sepsis, altså blodforgiftning. Det er ikkje rart ein vert noko uroleg når slikt oppstår.

Breiband til bygda

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 24. august , 2021

No skal det bli breiband også har på Folla. Dette er eit stort og viktig framsteg for buplassen. Vi har ei viss historie å vise til når det gjeld den teknologiske utviklinga her som på andre plassar der det har vore vanskar med å få ta i bruk tekniske nyvinningar. Då vi busette oss her på vestsida av Sunndalen, var det  berre skuggar då vi skulle sjå fjernsyn. Løysinga vart ein halvprivat omformar heilt til vi som mange andre fekk parabol.

No ser eg fram til å få bort parabolane. Det er ikkje problemfritt når det kjem ei skikkeleg regnbyge frå sør. Då misser vi gjerne både lyd og bilete. Om eitt år er det slutt på koparleidninga til telefon og internett. Når det gjeld internett, er her ustabil og heller dårleg dekning. Får dottera og mannen hennar bygge og bu her, vil dei få eit tenleg internett noko som er heilt naudsynt.

Framleis liv på garden?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 22. august , 2021

Er det verkeleg grunnlag for spørsmålet om garden framleis er liv laga?  Vi som bur her har hatt arbeid utanfor bruket. Dei tidlegare generasjonane har livnært seg ved arbeid på garden. Vi har inga buplikt, men driveplikt. Driveplikta vert oppfylt når ein får nokon til å bruke jorda, nokon som ikkje bur på bruket. Dei fleste som bur i bygda her og eig garden dei bur på, driv ikkje sjølve, men får nokon til stelle med jorda. Det vil i praksis seie at nokon gjødslar og slår graset.

No står ei dotter og mannen hennar klare til å ta over Ivafolla. Dei vil flytte frå Oslo og bygge hus her på garden. Dei har to born i tidleg skulealder. Vi som er her vil framleis få bu her så lenge vi lever. Dette er eit godt grunnlag for at slekta framleis får bu på garden.

Det er to grunnar til at det ikkje er sjølvsagt at dei får slå seg ned her.

1. I følgje kommunen er det vanskeleg å få løyve til å bygge eit tredje hus på garden.  Viss ein riv eitt av husa vil det vere plankekøyring å bygge eit nytt hus. Det vi kallar Gamlehuset er noko av sjela på garden. Det er godt brukande i sommarhalvåret, med det er for dårleg isolert  til å vere heilårsbustad.

2. Det nye huset er tenkt plassert slik at noko av dyrkamarka vert nedbygt. Dette kan lett ordnast med å dyrke tilsvarande areal.

 

 

Buplassen – litt historie

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 21. august , 2021

I går såg du bilete frå Folla som meir presist heiter Ivafolla. Det var ein Ivar som var opphav til dette namnet. Då er vi heilt tilbake til 1700- talet. Eg og kona utgjer den 10 generasjonen her på garden. Til skilnad frå tidlegare generasjonar, har vi ikkje drive garden sidan vi tok over i 1972. Vi bur i det gule huset som vi flytta inn i tre år etter. Det kvite huset er frå 1890-åra og vart bygt av min oldefar. Martinus, på farssida.  I gamlehuset bur ingen, men det har i vår tid vore brukt i sommarhalvåret til turistar. Denne sommaren har huset mest vore brukt til ferieopphald for eigne etterkomarar. Dei har kosa seg storleg sidan vi har pussa opp og oppgradert huset m.a. med nye vindauge.

Kona og eg har sett bort frå at nokon av slekta vil kome og busetje seg her på garden og bli nye eigarar.  Det er ikkje så sikkert lenger.

Nytt frå buplassen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 20. august , 2021

Sunndalsfolla ligg i Sunndalen som er ei grend i Austefjorden. Garden ligg på vestsida av denne grenda og i bakgrunnen ser vi mot fjorden. På det neste biletet ser vi tunet på bruk 1 til venstre. Der bur kona og eg. For dei som kjenner oss, er ikkje dette noko nytt. Lat no dette vere som ei innleiing. Kanskje kjem det noko nytt  neste blogg. Vi har lagt bak oss eit halvår sidan sist eg skreiv, og det har  hendt eitt og anna.

 

 

 

Snart Mars

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 19. februar , 2021

Ja, det nærmar seg mars, første vårmånaden. Eg er av dei som har fått nok av vinter og kulde, og difor er dagane med raude temperaturar velgjerande. Siste dagane har eg ikkje sett fuglar i hagen. Har dei frose i hel?

Mars, ja? Er det dit vi skal? Såg på marslandinga og var like imponert som alle andre, men ikkje forstår eg at nokon vil bu på denne planeten. Han gjer seg best på avstand denne raude kloda, for buande er han ikkje. Kom eg dit ville eg om- kome av heimlengt omgåande. Eg har skrive om marsreiser før og skal ikkje ta oppatt temaet. Viktigare no må det vere å redde det som reddast kan av den kloda vi har fått.

Eg har ikkje greidd å riste av meg følgjene av den stenge kulden vi hadde ein månad og meir. Kulde som fekk hus til å løfte seg og dører umoglege å opne. Skulle eg så ynskje meg ein planet der heller ikkje ullskjorta er i stand til å varme?

Eg ynskjer meg varme vindar, fuglekvitter – og barneborn på besøk.

Gammaldags vinter

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 2. februar , 2021

Slik som no var vinteren i gamle dagar. Det knirkar når ein går over tunet, det minner om det vi kan kalle gnallefrost. Eg bergar meg gjennom dagane med å fyre i omnen og gå med ull nærast kroppen. Det vart bråstopp i skogsdrifta.  Ivar oppi skogen sende ei tekstmelding ein dag: » Er du lysten på ei gran?» Han fekk ikkje svar same dagen. -10 er då ingen ting mot Sibir, og der vert dei ikkje stogga av nokre kuldegrader.

Det finst alternativ til utearbeid. Vi saug oss på Gamlehuset, kårbustaden som har vore feriehus sidan 1986, kvar einaste sommar. No vert det renovering. Vindauga skal skiftast, og i dag tinga vi glasa med levering nærare påske. Igår gjekk eg laus på det som vert kalla bestestova. Her vart tømmerveggane kledde med plater ein gong på 60-talet. No skal dei opphavlege veggane fram. Det er ikkje fritt for at det drys litt mottemjøl, men vona er at det ikkje er altfor gale. Middel mot mott, nei det får du ikkje kjøpt lenger, så kva skal ein gjere? Trøysta er at dei breie plankane er rein al for det meste. Motten går helst på geitveden. Kanskje legg eg ut eit bilete eller to når eg har fått avdekt meir av fordums herlegdom.

Arbeid er eit probat middel mot brakkesjuke. På fjernsynet snakkar dei mest om korona. Eg har stor sett slutta med å sjå på sportssendingar. Det er i grunnen bortkasta tid.

Skogsarbeid

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 22. januar , 2021

Det er ymse ein kan gjere ute i koronatida. Ein kan ta med motorsaga og felle ei gran eller fleire. No var det ikkje eg som fann på felle graner no i januar. Det var grannen som visste om at eg ynskte å få bort nokre rotvelta graner. Kanskje dei til og med kan vere salsvare? Det starta med det, men etterkvart  gjekk vi laus på store graner som framleis står loddrett. Dei er så store at får dei stå stort lenger, er det ingen som vil ha dei. Grannen er som eg, pensjonist, og han disponerer stor traktor og gravemaskin.

Det luktar godt av granbar og sagflis, men det er tungt arbeid å handtere ei motorsag, særleg når det kjem til kvistinga. Skogsarbeid er ikkje farefritt så ein må vere godt rusta med vernebukse og hjelm med høyrslevern og visir. Så er det å  lage ein felleskurd som gjere at grana fell i den retninga ein vil. Han Ivar brukar gjerne grabben på gravemaskin til å dytte treet i ynskt retning. Det kan og vere aktuelt å legge tau på grana og drage i rett retning med traktoren.

Då vi tok over denne garden, var her store graner som måtte fellast, ikkje minst fordi vi skulle bygge eige hus her og gjerne ville bygge av eigen skog. Det var mykje strevsamt fordi eg berre hadde ei motorsag og ei øks. For å få dei store granene tilå falle slik eg ville, brukte eg kilar. Det kunne vere spennande og eg var av og til litt redd, men det gjekk bra.  Verst var det at det kunne vere vanskeleg å starte saga. Kunne bli utsliten berre av å drage i startsnora.

Eg sagar altså ned granene fordi dei held på å bli for store. Det er berre utgifter for meg, men eg ser verdien av å hauste og rydde opp. Så eg let grannen få granene så kan han levere dei til slip eller sagtømmer. Alternativet er at dei rotnar på rot eller rotnar som rotvelte. Skulle eg leigd eit maskinfirma til arbeidet kunne det fort vorte eit minusrekneskap.

Det som elles er fint med eit slikt prosjekt, er samarbeidet med Ivar. Han er mykje røynd i mangt praktisk arbeid og vi trivst godt i lag.

 

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.