Buplassen – litt historie

I går såg du bilete frå Folla som meir presist heiter Ivafolla. Det var ein Ivar som var opphav til dette namnet. Då er vi heilt tilbake til 1700- talet. Eg og kona utgjer den 10 generasjonen her på garden. Til skilnad frå tidlegare generasjonar, har vi ikkje drive garden sidan vi tok over i 1972. Vi bur i det gule huset som vi flytta inn i tre år etter. Det kvite huset er frå 1890-åra og vart bygt av min oldefar. Martinus, på farssida.  I gamlehuset bur ingen, men det har i vår tid vore brukt i sommarhalvåret til turistar. Denne sommaren har huset mest vore brukt til ferieopphald for eigne etterkomarar. Dei har kosa seg storleg sidan vi har pussa opp og oppgradert huset m.a. med nye vindauge.

Kona og eg har sett bort frå at nokon av slekta vil kome og busetje seg her på garden og bli nye eigarar.  Det er ikkje så sikkert lenger.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.