Breiband til bygda

No skal det bli breiband også har på Folla. Dette er eit stort og viktig framsteg for buplassen. Vi har ei viss historie å vise til når det gjeld den teknologiske utviklinga her som på andre plassar der det har vore vanskar med å få ta i bruk tekniske nyvinningar. Då vi busette oss her på vestsida av Sunndalen, var det  berre skuggar då vi skulle sjå fjernsyn. Løysinga vart ein halvprivat omformar heilt til vi som mange andre fekk parabol.

No ser eg fram til å få bort parabolane. Det er ikkje problemfritt når det kjem ei skikkeleg regnbyge frå sør. Då misser vi gjerne både lyd og bilete. Om eitt år er det slutt på koparleidninga til telefon og internett. Når det gjeld internett, er her ustabil og heller dårleg dekning. Får dottera og mannen hennar bygge og bu her, vil dei få eit tenleg internett noko som er heilt naudsynt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.