Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Kva skal ein ta inn over seg?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 11. mai , 2011

Med alle dei inntrykka ein får i dag, er det ei viktig problemstilling: Kva skal ein ta inn over seg? I mange høve reflekterer ein ikkje i det heile. Hender noko nær deg, tek du det innover deg. Du er ein medeigar og nektar det ikkje. Dersom du nektar for det som skjer rundt deg, […]

Om å gå i fotspor

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser mandag 9. mai , 2011

Det vert stundom sagt at nokon går i fotspora til foreldra. Det er tøv. Ingen kan gå i fotspora til nokon. Du set sjølv dine spor. Sjøl om du går inn i det same yrket som faren din har eller hadde, så gjer du andre val. Du er ikkje ein kloning av foreldra dine. Jau, […]

Bro bro brille

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser lørdag 7. mai , 2011

Eg likar bokstavrim. Det ser eg journalistane gjer også. Men det var leiken eg skulle skrive litt om i dag. Denne leiken hugsar eg frå mi barneskuletid. Var det dårleg ver, fekk vi vere inne, på skuleloftet. Då kunne vi leike Bro bro brille. Eg skal ikkje gå i detalj om leiken, men eg vil […]

Tenkjedagar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 6. mai , 2011

No har eg hatt to tenkjedagar. Eg har ikkje tenkt meg om, men tenkt meir planmessig enn vanleg. Kall det gjerne «å rydde i skallen». Det vart litt refleksjon, men mest planlegging. Eg fekk spørsmål om å sitje tentamensvakt for ei lita 10. klasse. For meg vart det ein ynskjesituasjon for tankearbeid. Eg vart litt […]

Ikkje fola i markjene

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser onsdag 4. mai , 2011

Slår du opp på fole i ordboka, får du ikkje treff. Alle veit kva ein fole er, eller føll som det sikkert  heiter no. Når ei merr fola, fekk ho ein fole. I min barndom heitte det altså ein fole. Vi kunne også seie at noke var fole, men det har ei anna tyding og […]

Her ser eg fagre fjord og bygder

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 3. mai , 2011

Sommaren 2009 fekk kona og eg vere med to tyske turistar på ein tur med eit småfly. Det var ikkje plass til fleire i flyet og  det var ei oppleving å fly over kjende landskap. Austefjorden er fjorden som går mot aust. Her er det fleire grendar og mindre dalføre. Dette biletet tok eg mest […]

Skrot

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser mandag 2. mai , 2011

I kveld har eg fylt bilen med skrot. Når er det ting vert skrot? No er det kanskje slik at det er folk som finn vegen til Reinhaldsverket for å finne noko som eg har klassifisert som skrot. Kva med den store kombinerte radio/cd-spelaren som eigentleg burde vere fullgod framleis, men der cd-spelaren har teke […]

Sett frå Kyrkjegløsen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 1. mai , 2011

Eit hyggeleg besøk den første maidagen vart avslutta med ein tur på Sundalsåsen. I dag er det bilete av Fyrdslandet. Inst i Austefjorden heiter det Fyrde. Det er ingen som heiter Fyrde, men Førde, og namnet finst også andre stader lenger sør på Vestlandet. Byen Førde vil vere kjend. No er det ingen som etter […]

Exit april

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 30. april , 2011

Klokka går mot «minnete» siste aprildagen i år. Snart er det mai. «Mai kulde gjør bondens lader fulle», heitte det visst. Natte- kaldt har det vore i det siste, hele på marka eller rim som det også heiter. Var nett ut for døra og sikra nokre blomsterkrukker så frosten ikkje tek dei den første halve […]

Medan i ventar på møkka

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser fredag 29. april , 2011

Det kunne kanskje vere ein tanke å reise bort nokre dagar. Nei, her er slikt eit herleg vårver! Det er eit stort orkester eller kanskje det er eit kor, ute i skogen. Lauvet sprett og i går sette eg ny rekord i tidleg plenslåttstart. Etter hard vinter kom tidleg vår og erlerida ser det ut […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php