Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Eit kveld

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 28. april , 2011

Trudde vedkomande snakka tull eller var overtrøytt då ho sa:» Det var et kveld…..» Det er mange år sidan no, men eg har også høyrt det av eldre folk seinare. No veit eg at ordet var inkjekjønn i gammalnorsk! I dag kom eg på eit anna uttrykk. Det er rart med det når ein driv […]

Berre ei græle

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 26. april , 2011

Er du så heldig at du bur ved sjøen eller ved ein stor eller liten innsjø, kan du sjå græler. Græler er som små rukker på ein duk, men i motsetning til rukkene så fer grælene bortover vatnet. Græler er småbårer, koselege bylgjer. Dei fortel at det er ein liten vind som stryk over og […]

At far min kunne gjera

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 21. april , 2011

Overskrifta er sitat av ein song dikta av A.O. Vinje. Eg trur at han der er mest oppteken av kva forfedrane hans har gjort «av gjevt og stort»,  som det står i diktet. No har eg ikkje tenkt å skrive om alt det faren min gjorde.  Det er likevel ei sanning at eg framleis har […]

Påskeliljer

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 20. april , 2011

Planta heiter på latin Narcissus Pseudonarcissus og er giftig. Dette lærte eg i dag! Eg har sett bakkar gule av påskeliljer. Vi har ein bakke der det har vorte spreidd løkar av påskeliljer. Det er eit vakkart syn mot ein bakgrunn av mørk skog, og bjørketre som enno ikkje har fått lauv. Slik er det […]

Svik

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 19. april , 2011

I påskedramaet er det to sterke forteljingar om svik. Både Peter og Judas sveik Herren. Peter hadde banna på at han aldri skulle kome til å svike Meisteren. Jesus sette han på plass og fortalde han at før hanen gol skulle han fornekte han tre gonger. Judas Iskariot sitt svik var at han fekk overgjeve […]

Pontius Pilatus

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 18. april , 2011

«Pint under Pontius Pilatus». Slik lyder det i truvedkjenninga. Mange har spekulert ein del over denne Pontius, kven var han eigentleg? Han var romar, han var soldat og eit menneske som eg og du. Eit menneske som stilte spørsmål: Kva er sanning? Eit menneske med veikskapar som menneskefrykt, ærekjensle, makt-og avmaktkjensle. I Pasjonsspelet i Oberammergaqu […]

Palmesøndag

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 17. april , 2011

Har høyrt nemnt palmelaurdag. Det var i går det då. Nei, det er umogleg, inga vifting med palmegreiner den dagen.  Det var palmesøndag det skjedde det ingen i Jerusalem hadde tenkt seg på førehand, men då det hende var det mange som visste kva det tydde, ein profeti hadde fått si oppfylling. Meisteren sjølv sat […]

Går den vegen høna sparkar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 16. april , 2011

Det går galne vegen. Eg tenkjer på bygdene rundt her. Tenkjer på at færre born vert fødde. Skular vert lagde ned og elevane som er att i grendene, må inn til sentra. Den negative utviklinga har skote fart siste åra. Ungdomen reiser, dei halvgamle og gamle vert att. Etterkvart må dei som ikkje kan stelle […]

Klosterklokker

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser fredag 15. april , 2011

Klosterklokker(Leucojum vernum) er ei fleirårig plante av narsissfamilien. Planta vert gjerne forveksla med snøklokka. Det er visst ikkje så lett å få tak i løkar til klosterklokkene. Kvar vi har fått dei frå? Trur dei har «fylgt garden», som det heiter. Opphavleg vaks klosterklokkene i lauvskogane i Sør-Europa og Vesle- Asia. Dei vil ha fuktig […]

Eit kvile

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 14. april , 2011

Du las rett, det er eit inkjekjønnsord. Vi fann og framleis finn desse kvileplassane ved setreråsene. Setrevegane kunne vere lange og tunge for dei som skulle vere budeier på setrane. Då var det godt at det fanst plassar der ein kunne setje seg ned på ein flat stein, gjerne også med eit ryggstø av stein. […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php