Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Ein dag å feire

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser torsdag 7. april , 2011

I dag small siste salva på Kvivsvegen. No er de hol i fjellet mellom Sunnmøre og indre Nordfjord. Kvivsveggeneralen fekk æra av å fyre av denne symbolske smellen. Så var det feiring på røysa og etter det ein historisk busstur mellom Grodås og Kalvatn, tur/retur. Eg sit her på Folla og var ikkje med på […]

Folla- Andreas

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser tirsdag 5. april , 2011

Det har vorte mindre av at folk får namn etter staden der dei bur. Eg kan hugse at der eg vaks opp, var det heilt vanleg at alle fekk namn etter plassen eller garden. Faren min heitte Per. Garden heitte i daglegtale Pergarden og  difor heitte eg Per-Harald i heile oppveksten. Viss nokon prøver seg […]

Med dynamitt

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 5. april , 2011

I fjor på denne tida stod der ei diger gran vel hundre meter frå huset. Der hadde ho stått i over hundre år. No er ho borte og heller ikkje stuven er å sjå. Ho stod ved enden av ein open bekk som enda i eit underjordisk rør. Sist haust kom han som slår hos, […]

Buskapen er på plass

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 3. april , 2011

Vi har dyr på garden, utegåande dyr. No er dei her igjen for fullt, Det ser ut til at ungdyra har berga seg gjennom ein hard vinter.  Hjorten er dessverre eit skadedyr som vi prøver å redusere talet på. Kva haust vert det jakta på hjorten, og vi har hjortekjøt i frysaren. Hjorten likar godt […]

Saurebesta

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 2. april , 2011

Eg har skrive litt om henne eg vil kalle Follabesta. Det var ho som gav meg den første tittelen. I dag er det den andre bestemora, mormora. Det er nok via henne eg har fått dei litterære og språklege interessene. Ho var frå Flo i Stryn, bygda med alle frukttea og fotballtalenta. Saurebesta var svært […]

Vårteikn IV

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 2. april , 2011

«Han vart milde», sa dei før når mildveret sette inn. Ute på veggen viser målaren 10 pluss og eg kjenner at våren held på å sige inn i huset også. Trur ikkje eg bryr meg med å fyre opp i ovnen i dag. Ute held snøen på og reiser av markane, men det er ei […]

April!

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 1. april , 2011

I dag er det nøyaktig 44 år sidan eg vart narra av postdama i Valldal – Du må vere med opp og sjå den rare fisken Per fekk i dag! Ja, eg, tosken, hugsa ikkje kva dag det var og blei med opp trappene til husværet. «April!» ropte Sigrid. Høyrer på radioen i dag at […]

Vemod

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 31. mars , 2011

Deyr fé, deyja frændr, deyr sjalfr it sama, en orðstírr deyr aldregi, hveim er sér góðan getr. Deyr fé, deyja frændr, deyr sjalfr it sama, ek veit einn, at aldrei deyr: dómr um dauðan hvern I dag høver det å sitere Hàvamàl. Det var den dagen då Johannes Sundalsfoll vart førd til siste kvilestaden. På […]

Det kan gå troll i ord

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 30. mars , 2011

Det er ingen som likar å få slengt etter seg: Kva var det eg sa! Ja, kva var det eg sa for eit par dagar sidan? Høyrer eg difor til dei små profetar når det går så gale som det gjekk i dag, og eg hadde skrive om at det gjerne skjer noko gale før […]

Dasshuspassar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 29. mars , 2011

Farmor, eller besta som vi sa,  hadde truleg ein god porsjon humoristisk sans. Ho hadde levd eit strevsamt liv og hadde sett til verda seks døtre og ein son. Eg hugsar henne som gammal, sliten og skrøpeleg. Det er tre minne om henne som står klart for meg og eitt av dei tek eg fram […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php