Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ein dag å feire

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - torsdag 7. april , 2011

I dag small siste salva på Kvivsvegen. No er de hol i fjellet mellom Sunnmøre og indre Nordfjord. Kvivsveggeneralen fekk æra av å fyre av denne symbolske smellen. Så var det feiring på røysa og etter det ein historisk busstur mellom Grodås og Kalvatn, tur/retur. Eg sit her på Folla og var ikkje med på dette, men eg gled meg. Ein meir enn 100-årig draum har gått i oppfylling! No ja, eg har ikkje drøymt så lenge, men eg synest nesten det heile er noko uverkeleg.

Så hadde eg ein nordfjording på huset i dag. Han var her og monterte varmepumpe. Det hadde eg ikkje tenkt for eitt år sidan. Kva vert det no med skogen som veks? Jau, eg held på og fyller ved inn i det gamle vedhuset. Det vil framleis verte fyrt i ovnen, men ikkje dagstøtt slik som sist vinter.

Det er torsdag og bading på Bjørke, eit høgdepunkt kvar veke. I kveld feirar eg med å symje. Bjørg kan diverre ikkje bade med den skadde handa så ho lyt vere badevakt. I morgon tek vi ekspressbussen til Oslo, og i helga skal vi feire Helena sin 10-årsdag på hytta i Hurdal. Det vert nokre dagar til neste blogg.

3 Comments »

  1. Idunn Said,

    april 7, 2011 @ 20:13

    Eit høgdepunkt for meg kvar dag, å lese bloggen din :)

  2. Eivind Said,

    april 8, 2011 @ 09:52

    Hei! Veldig interessant lesning her, kanskje spesielt når du drar familiehistorie. Her var det mye jeg ikke visste! :)

  3. Harald Petter Said,

    april 12, 2011 @ 09:27

    Kjekt det, Eivind! Av og til synest eg sjølv det vert i meste laget med gammalt. Rett no er vi hos Solgunn og Tue i Oslo. I helga var vi på hytta i Hurdal og feira eldste barnebarnet. Hels til Therese!

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php