Exit april
Klokka går mot «minnete» siste aprildagen i år. Snart er det mai. «Mai kulde gjør bondens lader fulle», heitte det visst. Natte- kaldt har det vore i det siste, hele på marka eller rim som det også heiter. Var nett ut for døra og sikra nokre blomsterkrukker så frosten ikkje tek dei den første halve mainatta. Stemorsblomstrane som også er i krukker, toler litt frost.
Ute luktar det blautgjødsel, men våre marker slepp fri denne helga og hjorten beiter mest inn på tunet. Han likar ikkje kugjødsel hjorten heller og rømer frå grannen oppi lia.
I dag har eg vore kyrkjegardsarbeidar i lag med mange andre. Vi raka lauv og gjorde kyrkjestova rein utvendig klar for måling. Det er kjekt med dugnad, arbeide i lag og ha ein god kaffipause og ete nysteikte vafler ute. Neste helg er det konfirmasjon i kyrkja og då må det sjå presentabelt ut. Snart er det 17. mai også.
/Minnete/er sjølvsagt dialektord for midnatt på same måten som/ mennja /er fleirtal for morgon. Når det er som no, brukte ein gjerne seie:» De e kalde mennja».
Men april i år har vore den varmaste på hundre år!
