Her ser eg fagre fjord og bygder
Sommaren 2009 fekk kona og eg vere med to tyske turistar på ein tur med eit småfly. Det var ikkje plass til fleire i flyet og det var ei oppleving å fly over kjende landskap. Austefjorden er fjorden som går mot aust. Her er det fleire grendar og mindre dalføre. Dette biletet tok eg mest rett over den bygda eg kjem frå, Kalvatn. Lengst ute ser vi Voldsfjorden som går over i Austefjorden og så kjem vatna som perler på ei snor.
Skulle vi ta same turen i dag ville vi sjå den nye vegen som er under bygging. Neste år går E39 gjennom dalen. Då vil det vere ferjfritt frå Runde til Oslo. Eg bur ikkje i ein avkrok. Reisetida til Oslo med bil vert for oss korta ned med ca ein time. Vi kan sikkert også gå på ekspressbussen her i Austefjorden om ca 2 år.
Fjella her er ikkje så ville, dei er meir avrunda og innimellom er det skogkledde åsar, men reiser ein nokre få kilometer mot Bjørke i Hjørundfjorden, er fjella kvassare og villare. Då er ein komen inn mellom Sunnmørsalpane.

