Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Firl

Kategori: Ukategorisert | 11 kommentarer » - Publiser fredag 27. mai , 2011

Eg tenkjer meg nokre utsegner der dette ordet er «innblanda»: – Kva er det du firlar med? – Det var noko redigt firl!-Det var berre noke firl. No synest eg det kunne vere moro om andre har høyrt dette ord, og har ei meining om kva det tyder. Dersom eg strevar med noko som i […]

Jakob og Jakobine

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 25. mai , 2011

No trur du sikkert at eg skal fortelje ei slektssoge igjen. Nei, ikkje denne gongen!  Dette handlar om ein leik av det morosame slaget. Leiken var fast underhaldning når det var jonsokmoro i Eidskvia. Det er litt tidleg å snakka om jonsok ein månad i førevegen så det skal eg ikkje gjere. Alle kan å […]

Epleblomar

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser søndag 22. mai , 2011

Det  har vore regn og rusk nokre dagar, og det er spanande om frukttrea kjem velberga gjennom vårstida slik at frukt kan haustast. Både plomme-  og  pæretre står med kvite blomar. Epletrea er noko seinare, men dette treet som vart planta for fire år sidan står med vakre blomar. Trudde eg skulle få med ei […]

Oldemor

Kategori: Ukategorisert | 5 kommentarer » - Publiser lørdag 21. mai , 2011

Det er tid for litt slektshistorie igjen. Alle har fire oldemødre, men dei fleste veit lite om sine oldemødre, Når det gjeld mine, så veit eg namna på dei, men berre ei av dei veit eg litt om. Det gjeld mora til min farfar, som heitte det same som eg, og med same mellombokstav. Ho […]

Kjennskap og vennskap

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser fredag 20. mai , 2011

Av og til kan eg finne på å seie at eg kjenner nokon sjølv om eg nesten ikkje har snakka med vedkomande. Då bør eg nok nyansere det noko meir. Å seie at ein kjenner nokon, kan vere på ein lang skala frå det å ha snakka med nokon eit par gonger, og nikke til […]

Måten er beste låten

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser torsdag 19. mai , 2011

Alt med måte. Dette er ei utsegn, eller kanskje det er eit slag ordtak ut frå livsrøynsle. For mykje og for lite skjemmer allting ut, har eg også høyrt. Slike ord kan nok ikkje brukast i alle tilfelle, men dei er gyldige på mange område. Det siste eg las om gjeld svevn. Forskarar i USA […]

Skyljebytte og kritikk

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser onsdag 18. mai , 2011

Det hender av og til at ein får seg ei skyljebytte. Då har ein sikkert gjort noko som er riv ruskande gale, ja, opp i måtet greinalaust og bort i natta. Får ein det ned»myljå kragen» er det ekstra ille. Tenk deg at nokon slår ei bøtte med kaldt vatn ned mellom halskragen din. Men […]

Ja, vi elsker

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser tirsdag 17. mai , 2011

Starten på nasjonalsongen er genial. I dag har eg vore med på å synge han to gonger. Slik vert det gjerne her i fjordbygda. Vi har sunge både den og fedrelandssalmen. «Fagert er landet» har også vore på programmet to gonger. Dette har vi gjort sjølvom veret har vore «pjaskje». Toget måtte ta ei kortare […]

Meir gauk

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 13. mai , 2011

Dagen etter at eg skreiv om gauk og gaukegaling, høyrde eg han for første gong i år. Vi har vel alle høyrt at det skal vere så bra om vi kan kome oss under eit tre der gauken sit. Då kan ein ynskje seg (tre?) ting ,og det skal visst vere bankers at det slår […]

Ko ko

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 12. mai , 2011

«Er du heilt koko?» Dersom du får det spørmålet, har du gjort eitt eller anna tullete, kanskje bort i det senile. Eller kanskje var du berre litt utanfor ein augneblink. Her på våre kantar har gjerne folk vorte kalla gaukar dersom dei fær med skrøner og vitsar. Gaukeprat er tøys og tull. Er du usamd? […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php