Firl
Eg tenkjer meg nokre utsegner der dette ordet er «innblanda»: – Kva er det du firlar med? – Det var noko redigt firl!-Det var berre noke firl. No synest eg det kunne vere moro om andre har høyrt dette ord, og har ei meining om kva det tyder.
Dersom eg strevar med noko som i grunnen i utgangspunktet er bagatellmessig, men som gjer at ein plagast noko inderleg for å få det til slik ein vil, då er det noko firl. Viss det er andre som plagast med noko, som t.d. forgassaren på ein moped, då kan eg driste meg til å spørje: Kvar er det du firlar med, din firl?
Eg har ein mistanke om at du må vere sunnmøring for å forstå kva som er firl, men eg kan ikkje vere heilt sikker. Google hadde ulike døme på firl, men då ordet girl vart brukt som firl, då skjøna eg at her var einkvan på villspor.

Gjøksang Said,
mai 27, 2011 @ 20:11
Bale med, knøvle med?
Harald Petter Said,
mai 27, 2011 @ 21:11
Den som firlar er ikkje ekspert på det han/ho styrer med:-) No høyrer eg på Billy Joel forresten. Kan ikkje seie at han firlar når han brukar instrumentet!
Gjøksang Said,
mai 28, 2011 @ 10:53
Nei, han er ekspert.
Håvard Kalvatn Said,
mai 28, 2011 @ 11:54
Eg likar ordet firl:) Eit lett og flott ord. Har aldri tenkt at du kan kalle ein person for «din firl», men skal eg jammen prøve:) Ei på kontoret er frå Fedje. Ho seier av og til «kva er det du grislar med?» Er det då naturleg/lov å fø
ye til; «..din grisly» ?:)
Gjøksang Said,
mai 28, 2011 @ 15:32
Liker du denne av Andraé Crouch, som har vært eller kommer til Norge i sommer, som er spilt inn nå i år? Han kan også sine saker… ikke noe firling der i gården, selv om han er tvilling (Sandra og Andraé)…
«The promise»
http://www.youtube.com/watch?v=bnXkDgM1B18
Harald Petter Kalvatn Said,
mai 28, 2011 @ 20:12
Syng ikkje han gospel for det meste? Eg likar at musikken svingar. Det skal finnast i allfall ein cd her i huset med Crouch som sikkert ei av døtrene eig.
I dag har eg vore på songarstemne i Volda kyrkje. Fleire kjempegode og store kor. Vi i Austekor er så få og det er sårbart. Vi er berre to tenorar. Eg var kjempenervøs.
Harald Petter Kalvatn Said,
mai 28, 2011 @ 20:17
«Å grisle på» eller berre grisle er eit synonym for å arbeide. Å firle er noko meir «suspekt» kanskje :-)
asmund myhrvold Said,
mai 29, 2011 @ 09:22
I fødebygda mi i Oppland sa vi «klundre», tror jeg. Man klundret med ting man ikke fikk ordentlig til, og da var det klundersamt.
Gjøksang Said,
mai 29, 2011 @ 15:12
Jo, det gjør han, men han har skrevet mange låter med mye futt og fart i. Så du er tenor og synger i kor? Artig.
Harald Petter Kalvatn Said,
mai 29, 2011 @ 20:01
I dag var det konsert på Berte Kanutte (Høgskulebygget) Det var profankonsert og koret vårt fekk god omtale etterpå. I dag var det nærast full klaff. Veldig kjekt! Vi song «Gåvebrevet» av Hartvig Kiran og ein svensk song som heiter «Som ein Sommarvind» (Den er heilt sikkert på You Tube.
Harald Petter Kalvatn Said,
mai 29, 2011 @ 20:02
Klundre er vel det same som plundre :-)