Follabloggen

Velkommen til min blogg

Jakob og Jakobine

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 25. mai , 2011

No trur du sikkert at eg skal fortelje ei slektssoge igjen. Nei, ikkje denne gongen!  Dette handlar om ein leik av det morosame slaget. Leiken var fast underhaldning når det var jonsokmoro i Eidskvia. Det er litt tidleg å snakka om jonsok ein månad i førevegen så det skal eg ikkje gjere.

Alle kan å «slå på ringen». Det er utgangspunktet. Alle som skal vere med, står i ein ring. Så skal ein mannleg og ein kvinneleg deltakar få bind for auga og bli snurra litt rundt slika at dei vert litt desorientert. Så gjeld det at mannen skal finne dama. Han veivar rundt og ropar på Jakobine, slår armane ut og leitar medan han ropar. Det vanka nok også litt tilrop frå dei som lagar ringen. Ho som det vert jakta på, skal smette undan når ho høyrer ropinga, men ho skal svare ja når han ropar. Av og til hende det at aktørane måtte stoppast så dei ikkje forvilla seg ut av ringen.

Jakobine vart alltid fanga, før eller sidan.

Det er nokre personar eg hugsar særleg godt frå denne leiken. Det kunne vere måten dei ropa på, men og  veremåten deira elles under leiken. Ungar likar veldig godt å sjå vaksne folk leike seg.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php