Follabloggen

Velkommen til min blogg

Meir gauk

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 13. mai , 2011

Dagen etter at eg skreiv om gauk og gaukegaling, høyrde eg han for første gong i år.

Vi har vel alle høyrt at det skal vere så bra om vi kan kome oss under eit tre der gauken sit. Då kan ein ynskje seg (tre?) ting ,og det skal visst vere bankers at det slår til. Diverre er gauken ein veldig var fugl så det nyttar ikkje å krype fram til eit gauketre. Løysinga må vere at ein finn eit tre der ein veit at gauken set seg og så får ein slå leir der under treet og kamuflere seg som best ein kan. Eg trur ein må ha godt med proviant for det kan bli ei langdryg sak. Det nyttar nok ikkje å høyre på radioprogram i ventetida, då må ein i så fall utruste seg med øyretelefonar. Eg føreslår at ein har med eit gaukur som ein fester på trestamma. Det kan vere at gauken kjem for å helse på ein artsfrende når gauken  i uret kjem ut og gjel.

Då eg var barn, vart det sagt at ein måtte ikkje herme etter gauken for då ville han blø i nebbet. Dette var nok i klasse med anna som dei vaksne sa for å få oss til å vere stille. Dei var så strenge før! Hadde vi laga oss sljefløyter eller tvittar kom fomaninga straks: «Slutt med dinnja pistringa, unga! Held de ikkje opp, kjøme det å regna!» Dei sa det same når vi plystra.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php