Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Mot mørkare tider ?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 21. juni , 2011

Det har fram til no gått den rette vegen. Lengre og lengre dagar, fleire og fleire soldagar! Stryk det siste. I dag har det vore sol, men eg måtte ha gensaren parat, ute. Likevel betre enn alt det våtsame. Men det var dette med dagane som kjem. Vi lever i vona, vona om varme. Reis […]

Kampen mot fluga

Kategori: Ukategorisert | 5 kommentarer » - Publiser søndag 19. juni , 2011

Di meir eg får vite om fluga, di meir avsky vekkjer ho. Eg tenkjer på husfluga. Sjølve tittelen er så nøytral og fredeleg, men har du ei fluge surrande rundt deg, er det plent umogleg å ta den daglege middagsluren. Den koselege husfluga lever då vel berre på brødsmular og andre matrestar som alltid vil […]

Midtsommarsblot

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 17. juni , 2011

Eg stokk til då eg las plakaten. Det skal vere midtsommarsblot på Bjørke i Hjørundfjorden ved jonsokleite. Eg vart rolegare då eg las kva som elles stod å lese. Etter det eg kunne sjå, skal det ikkje ofrast korkje folk eller fe. Om det vert drukke meir enn vanleg kan vel hende, men den slags […]

I grevens tid

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 15. juni , 2011

Eit ektepar med eit lite barn kom den lange vegen frå Hammerfest til brudlaupet i Austefjorden. Dei tok først fly til Gardermoen og deretter eit mindre fly til  Hovden. Ein av koffertane deira vart ståande igjen på Gardermoen. Då dei kom hit var dei nokså ulukkelege for festkleda låg i den kofferten dei ikkje fekk […]

Gift og velflidd

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 13. juni , 2011

Dette er eit uttrykk som kom føre meg etter hendingane dei siste dagane. Å vere gift og elles presentabel,  må vere positivt. Før var det også snakk om å vere godt gift. Som regel tydde det at ein hadde fått ein partnar som sat godt i det, var rik på gods og gull. Det kunne […]

Lese og (mis)forstå

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser mandag 6. juni , 2011

Feil lesemåte kan fort bli noko heilt anna enn som var meint. Eit teknisk omgrep som nyregulering kan bli nyregule  ring, og er straks det medsinaren vil nemne som  patologisk. Somme tider vert forståinga gjort vanskeleg med «vond» vilje. Som barn kunne vi også leike oss med ord som verka framande. Eg tenkjer på at […]

Kva ler du av?

Kategori: Ukategorisert | 6 kommentarer » - Publiser lørdag 4. juni , 2011

To svenskar dreiv og utveksla djupsindige tankar, sikkert over eit glas eller to. Den eine sa: » Jag er intellektuell!» og den andre repliserte raskt: «Inte jag heller.» Eg er ikkje god til å hugse gode vitsar eller gje att ei god historie – og få med poenget. Livet har lært meg at det må […]

Sommar

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser onsdag 1. juni , 2011

Når sola skin på syrin som har venta på opne seg, då er det vel sommar?. Var det ikkje for angen,  så valde eg like gjerne rogn eller hegg. Det er angen som dreg insekta til seg,  seier du. I regnfulle dagar vert blomstringa kort. Elingane har stått i kø siste dagane, men i dag […]

Brytj

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 30. mai , 2011

Eg er av og til ein» brytj». Slike ord kan du ikkje skrive på norsk! Det er det same som brothest viss du forstår det betre. Nei, du treng vel litt eksempel. Her ein dag skulle eg flytte eit bord som var litt for stort til å få igjennom ei dør. I staden for å […]

Minneord om Peter Samuel Hallaråker

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser søndag 29. mai , 2011

Bloggane mine vekslar mellom alvor og skjemt. I dag er det alvor som er grunntonen. Eg er glad for at eg lærte mannen å kjenne, men no kjenner eg mest på sorg over tapet av ein klubbkamerat og tidlegare lærar. Han gjekk ut av tida for to dagar sidan i ein alder av 78 år. […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php