Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Om filter

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser lørdag 16. juli , 2011

Eg kan hugse at sigarettane før var utan filter. I dag kan du også røyke utan filter.Rullings.  Sjølv røyker eg ikkje, slutta heldigvis før eg kom skikkeleg i gang, og godt er det. Trur eg har tent mykje på det, ikkje minst helsemessig,  sjølv om eg som dei fleste andre har mine plager. Filter kan […]

Ein liten ferietur

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 13. juli , 2011

Tilbake frå ei hytte på Nordmøre, to netter med biodo og krane med kaldt vatn, regnver og skodde, men glimt av finever på måndag. Køyring, køyring, mil etter mil langs fjordar, med ferjer og over eid og høgderl. Stupbratte fjell, skoddeflak og regn. Det var kjekt å oppleve Todalen igjen, sjå at folk er optimistar, […]

Torever

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 7. juli , 2011

Torever er alltid litt skremmande, i allfall vert ein meir på vakt enn elles. Då vågar eg heller ikkje å setje meg til datamaskinen. I staden dreg eg ut alle vitale kontakter og ventar til det har roa seg. I går kveld blei det eit anna lys ute. Den grøne fargen vart sterkare og lysare […]

Sunndalsnipa

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 5. juli , 2011

  Etter alt regnet og skodda er Sunndalsnipa atter synleg. Det er kveldssol på det 1396 m høge fjellet. Eg var berre ut på tunet og knipsa kl 22.40. Mange er dei bileta som har vorte tekne med dette majestetiske fjellet som bakgrunn.Det er vårt Matterhorn. For dei som likar fjellturar er dette eit mål […]

Kongens ring

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 4. juli , 2011

Det var sist laurdag vi var på det årlege vikingspelet på sagaøya Herøy. Den beste vikingmusikalen i landet las eg. I år var det 20 års-jubileum. Tenk at dei har energi til å setje opp dette spelet kvart år første helga i juli. Det er ein stor kulturdugnad, mange som arbeider gratis. I Herøy Amfi […]

Okseferd

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 1. juli , 2011

I min barndom var det ein avlsrokse i kvart bygdelag. Det var før dei store NRF- kyrne gjorde sitt inntog, men oksane hugsar eg som store og litt skræmande. Kvar sommar vart oksane drivne i flokk til ein fjelldal. Dette var eit syn å sjå for oss ungane som sjølvsagt måtte halde oss på god […]

Ein rusta spikar og 10 cent

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser tirsdag 28. juni , 2011

Det var grunnen til at vaskemaskina har stått stille i fleire veker, ein 3 tomms -spikar og eit pengestykke, mest truleg berre det første. I dag fekk vi besøk  av ein  som kan det med å løyse tekniske problem. Etter eit traust måltid med potetball, var det tid for å finne ut kvifor vaskemaskina ikkje […]

6190 Bjørke

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 26. juni , 2011

Utviklinga av grendene innanfor Storfjord sokn er typisk for det som skjer i Bygde-Noreg, men her er også trekk som er særmerkte for denne vesle delen av kongeriket. Eg skreiv eine dagen om dette midtsommarblotet som skulle gå av stabelen. Det synte seg lukkelegvis at tittelen ikkje var så alvorleg meint. Fredagskvelden fekk eg vere […]

Ordbok i banning

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 24. juni , 2011

Cappelen Damm gjev ut ei ordbok i banning der målgruppa er barn og ungdom. Det kan vere mykje som provoserer i vår tid, men det er lite som overraskar. Eg er likevel noko forundra over dette konseptet. Ein kan sjølvsagt spørje seg om kva som er poenget. Det kan  vere nok ein måte å tene […]

Jonsok

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser torsdag 23. juni , 2011

Siste åra har det vore lite markering av jonsokaftan her på berget. Det vert å minnast, tenkje på kva ein var med på før. Eg veit at det er feiring i bygda, men det freistar ikkje. Det er også lite av jonsokbål i grendene rundt her. I dette veret treng ein ikkje ottast for skog- […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php