Follabloggen

Velkommen til min blogg

Okseferd

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 1. juli , 2011

I min barndom var det ein avlsrokse i kvart bygdelag. Det var før dei store NRF- kyrne gjorde sitt inntog, men oksane hugsar eg som store og litt skræmande. Kvar sommar vart oksane drivne i flokk til ein fjelldal. Dette var eit syn å sjå for oss ungane som sjølvsagt måtte halde oss på god avstand når okseflokken kom. Oksane hadde ring i nasen og dei vart leidde i fotband. Eg kan ikkje hugse om det også var eit tau til naseringen, men det er vel truleg. Det var ofte ein stri tørn for karane å leide desse dyra som no kom ut i lyset og møtte likesinna.

Oksane eller yksnene som vi sa i dalekta, hadde nokre kilometer å gå før dei tok til på den bratte oppstigninga til Skipedalen der dei skulle vere i hamning om sommaren. Dei hadde stått på bås heile vinteren og utført si gjerning.  No skulle dei brått få ei fysisk utfordring opp ei bratt fjellsida. Eg kan hugse at det eitt år vart for mykje for ein av oksane som døydde på vegen opp den bratte lida.

Alle oksane hadde namn,  og eg kan hugse at det var ein som heitte  Lucifer. Det er som kjent eitt av namna på Djevelen, men forklaringa ein av eigarane hadde på namnet var mindre satanisk: » Vi kalla han Lucifer for han var så lusete då vi fekk han.»

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php