Ein liten ferietur
Tilbake frå ei hytte på Nordmøre, to netter med biodo og krane med kaldt vatn, regnver og skodde, men glimt av finever på måndag. Køyring, køyring, mil etter mil langs fjordar, med ferjer og over eid og høgderl. Stupbratte fjell, skoddeflak og regn. Det var kjekt å oppleve Todalen igjen, sjå at folk er optimistar, dei grev seg ikkje ned, men drøymer om ny framtid og nye vegar. Så vart det Trollstigen på returen. Folk satsar på turisme og toppen av Trollstigen vert endå meir kommersialisert. Her bygg dei noko som liknar det vi finn i Bjørvika, men sjølvsagt i mindre målestokk. Så bruene over Gudbrandsjuvet, laga av stål og kraftige rekkverk så folk ikkje skal ramle uti dei ville stryka der nede. Turistar i fleng, men diverre var kafeen stengd då vi kom. I staden vart det middag på Jordbærstova i Valldalen. Det er eit nytt etablissement for oss som budde i bygda for over 40 år sidan! Jordbæra var enno grøne! Sterkast inntrykk på turen var alt vatnet som kom ned fjellsidene. Fossen i Trollstigen var diger. Fint ver på Folla i dag, sol og skyer.
