Jonsok
Siste åra har det vore lite markering av jonsokaftan her på berget. Det vert å minnast, tenkje på kva ein var med på før. Eg veit at det er feiring i bygda, men det freistar ikkje. Det er også lite av jonsokbål i grendene rundt her. I dette veret treng ein ikkje ottast for skog- eller lyngbrann, så det kunne gjerne vore brisingar både her og der.
Kona og eg gjekk ein tur på setra, første gongen i år, sjølvsagt i regnklede. Vi åt nista vår under Skareselet før vi gjekk nedatt den bratte anleggsvegen. Godt å kome i gang med litt fysisk aktivitet igjen. Ikkje for det, i går jobba eg ganske hardt med å fjerne runnen med hyll som vinteren tok knekke på. I går var det sol og fint, i dag er det 12 +, men vi slepp mygg og fluger.
Det var gildare før, med jonsok, når borna var små, no har vi barnebarn, men dei bur andre stader. Så hugsar ein tilbake på då ein sjølv var barn og fekk vere med på å lage stor brising. I Sunnmørsposten kan ein lese om båla dei lagar på Ålesundskanten og Slinningsbålet spesielt. I år var det visst ikkje snakk om å setje rekord i høgda. Var det ikkje i fjor heile bålet ramla ned?
Jonsok er til minne om døyparen Johannes, men det er meir komplisert sidan det også er ein eldre tradisjon med midtsommarfest, magiske krefter. Jonsoktradisjonen er spenningsfull og litt mystisk, somme vil kanskje også legge til, mytisk.

Idunn Said,
juni 23, 2011 @ 20:07
Eg tenkte på det i dag; eg har så mange minner knytta til jonsokfeiringa (på Folla), men vi har endå ikkje feira jonsok slik at våre barn forbind noko spesielt med denne dagen.
Harald Petter Kalvatn Said,
juni 23, 2011 @ 21:18
Ja, vi prøvde med eiga jonsokfeiring her den tida det var mange barn hos oss og i grannelaget. Var det bryllaup også? Er det ikkje jonsokfeiring i Maridalen heller?