Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kongens ring

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 4. juli , 2011

Det var sist laurdag vi var på det årlege vikingspelet på sagaøya Herøy. Den beste vikingmusikalen i landet las eg. I år var det 20 års-jubileum. Tenk at dei har energi til å setje opp dette spelet kvart år første helga i juli. Det er ein stor kulturdugnad, mange som arbeider gratis. I Herøy Amfi på den vesle øya er det i alle høve plass til 1000. Om lag to hundre var inn på scena under framføringa.

Det var første gongen eg var på dette spelet. Eg vart imponert over den gode lyden under framføringa noko som ofte er eit problem på utandørsarrangement. Veret var også godt denne dagen,  i motsetnad til dagane før. Fleire av aktørane i dei sentrale rollene var profesjonelle skodespelarar.

Eg spør meg kva som gjer at vikinghistorier eller sagaforteljingar framleis fengjer. No er dette spelet ein fiksjon, men her er både Olav Haraldson, Bjørn Stallar og andre historike personar med. Mannen bak manus er den ikkje ukjende sunnfjordingen Rolf Losnegård som også har skrive teksta til Kinnaspelet.  Han var også tilstades mellom publikum under framføringa.

Handlinga vil det føre for langt å gå inn på, men her er brytningane mellom heidensk tru og den kristne læra. Spørsmålet om hemn kontra forsoning er sentralt. Men Olav Haraldsson si strenge line kjem og fram. Stykket endar med at båe dei mannlege rivalane misser livet. Unn den fagre er den mest sentrale personen i stykket. Ho blir ståande att saman med det nyfødde barnet som ein av rivalane, Møre- Karl, er far til.

Det er visst så at stykket ikkje er heilt likt frå år til år. Eg la merke til innslag av humor og drag frå miljøskildringa som godt kan vere autentisk . Eit stykke med berre gravalvor kan fort bli både patetisk og kunstig. Både musikken,  songen  og verbalinnslaga gjorde at dette vart ei kunst-og kulturoppleving av klasse.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php