Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kva ler du av?

Kategori: Ukategorisert | 6 kommentarer » - lørdag 4. juni , 2011

To svenskar dreiv og utveksla djupsindige tankar, sikkert over eit glas eller to. Den eine sa: » Jag er intellektuell!» og den andre repliserte raskt: «Inte jag heller.»

Eg er ikkje god til å hugse gode vitsar eller gje att ei god historie – og få med poenget. Livet har lært meg at det må vere enkelt. Elevane mine hadde av ein eller annan grunn fått føre seg at eg likte godt tørre vitsar. Signala etter at eg hadde freista meg på ein vits, var gjerne «ha, ha», men utan skikkeleg lått. Som etter den «leverposteivitsen».

Eg synest ikkje noko om alle freistnader på grovisar som visse personar serverer i sosiale media. Dei får no berre drive på, men det er ingen grunn til å le. Dei som spesialiserer seg på historier eller vitsar som er «på kanten», er sjeldan morosame. Men her er nok meiningane delte.

Det er berre ei veke til at eg skal halde tale for brudeparet, Solgunn og Tue. Eg skulle hatt nokre gode vitsar å krydre talen med. Eg kan nok ikkje ta den som også var ei noko dyrebar erkjenning: » Då eg gifte meg med henne Marja, var eg så forelska i henne at eg kunne ete henne opp. Men no, no angrar eg bittert på at eg ikkje gjorde det!»

Eg likar forresten galgenhumor  som handlar om eige liv for det skadar ikkje andre.

 

6 Comments »

  1. Idunn Said,

    juni 4, 2011 @ 23:16

    Gler meg til talen din. Alle som les bloggen din har store forventningar ;) (ikkje nødvendigvis til vitsane :D)

  2. Gjøksang Said,

    juni 5, 2011 @ 07:43

    Da håper jeg at jeg ikke har fornærmet deg. Jeg vil gjerne kunne få lov til å skrive om pusekattene mine. Jeg gir katta i om andre tenker «Pussi», for det var ikke det jeg skrev om. Som det står, «For den rene er alt rent.» Tør ikke påstå at jeg alltid er så ren, men – uansett – ha en fin dag.

  3. Harald Petter Kalvatn Said,

    juni 5, 2011 @ 09:32

    Eg må innrømme at eg les lite av andre sine bloggar. Det tek tid og dessutan er eg nok litt sjølvsentrert:-) Når det gjeld mine lesarar, så er det nok eit fåtal av dei som skal til Rekkedal Gjestehus neste laurdag :-)

  4. Gjøksang Said,

    juni 5, 2011 @ 10:00

    Ok, men kan du fortelle leverposteivitsen? Tror ikke jeg har hørt den. :-)

  5. Harald Petter Said,

    juni 5, 2011 @ 16:53

    Lever posteien? Nei, den er død!

  6. Gjøksang Said,

    juni 6, 2011 @ 06:45

    :-) Enkel og god!

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php