Follabloggen

Velkommen til min blogg

I grevens tid

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 15. juni , 2011

Eit ektepar med eit lite barn kom den lange vegen frå Hammerfest til brudlaupet i Austefjorden. Dei tok først fly til Gardermoen og deretter eit mindre fly til  Hovden. Ein av koffertane deira vart ståande igjen på Gardermoen. Då dei kom hit var dei nokså ulukkelege for festkleda låg i den kofferten dei ikkje fekk med seg. Dei fekk lovnad om at kofferten skulle bli køyrd hit frå flyplassen. Eit fly skulle lande på Hovden 11.50. Det hadde vore mykje skodde siste dagane og usikkert om flya kunne lande etter ruta.

Festkleda kom berre minutt før kyrkjeklokka ringde, og dei fekk på seg stasen i Kyrkjestova, og kom seg inn i kyrkja før bruda dukka opp.

Uttrykket «å kome i grevens tid» fekk attende noko av den opphavlege tydinga denne dagen. Tydinga har vorte at hjelpa kjem i ei ulukkeleg stund eller ei kritisk fase, men eit brudlaup er inga ulukkeleg stund, men kunne fort bli litt ulukkeleg for den som vart råka.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php