Brytj
Eg er av og til ein» brytj». Slike ord kan du ikkje skrive på norsk! Det er det same som brothest viss du forstår det betre. Nei, du treng vel litt eksempel.
Her ein dag skulle eg flytte eit bord som var litt for stort til å få igjennom ei dør. I staden for å bruke list og lempe, vart eg ein brytj. Fann ut at eg måtte demontere det litt. Men det er ikkje så lett å demontere eit gammalt bord som har stått der i mange tiår. Dessutan var det finsnikkarar som hadde sett det saman, så det vart ikkje så enkelt å skilje bordplata frå understellet. Kva gjorde brothesten då? Jau, han henta kubeinet. Det skulle, han ikkje ha gjort for då vart det skadeverk. Å ja, motten hadde ete på treverket som klovna, men likevel.
Eg trøysta kona med at dette skal eg fikse dersom bordet skal inn att på det rommet det måtte forlate.
Eg er nok litt for brå av meg, lærer aldri. Men det er noko som er rart. Eg er ingen muskelmann, men ein gong greidde eg å bende eit spett!
I dag skal eg ikkje brytje. Viss det vert opplett skal eg ut og stelle litt rundt husa.
